søndag 12. april 2015

Samstrikk - Grantreet

Eg var så heldig å vinna E-boka, 
Flere votter fra eventyrskogen av Vottelauget,
på podcasten til Daisy knits alot.
Vottelauget inviterte til påskestrikk-konkurranse, 
ein skulle strikka eit vottepar fra bøkene deira.
Eg melde meg på, tenkte det var ein fin anledning til
å prøva ut eit mønster eg lenge hadde tenkt på.
Det blei ikkje akkurat påskefarga votter, men påskeharen er med ;)
Men det passer vel med eit grantre til ein juletredyrkar?
Ser eg kunne hatt ein lysare gråfarge for betre kontrast,
men det får vera som det vart...
Vottane er i minste størrelse,
dei sit godt på handa men er kanskje ein tanke for korte,
satser på å blokka dei litt etter vask.



Aukingane i kilen til tommelen har eg gjort på same måten som eg gjorde på jakken.
Omgangen før auking lager eg kast på pinnen der eg skal auka,
på neste pinne strikker eg kasta vridd.
Då blir det ingen strame masker som eg har hatt problem med før
når eg tar opp tråden mellom to masker.
Håper dette var forståeleg. Du kan lesa meir HER


Mønster, Møyfrid Engeset, Silkesauen
Garn, Ask 56 gr
Pinne nr 2,5

2 kommentarer:

  1. Dei må du absolutt ha når julatresalget kjem igong! Så gøy å strikka slikt innimellom. Sakne nokre alongar eller samstrikk. Men, kaster meg sjelden på for tida. Blir berre med tanken! Veldig kjekt å følge med andre som gjer det!!!!

    SvarSlett
  2. Det var det med podcast... ;) hehehe
    Gratulerer med E-boken. Fine votter du har strikket -alltid så nøye utført fra deg :D

    SvarSlett