onsdag 21. januar 2015

Endeleg på nett!

Me har hatt mykje torden her i mange veker,
og for ei veke sidan tok lynet modemet vårt.
Nesten ei veke uten nett er ikkje noko særleg, 
det er veldig så avhengig me blir av pcen
.
Men ein fordel var at det blei strikka meir.
Eg held på med eit stort arbeid, så det er ikkje mykje ferdig allikevel.
Eg blei spurt om å strikka ei kåpe til utstillingsmodell til ein butikk.
Det hørtes spennande ut, så eg sa ja til det.
Men eg visste ikkje kva eg sa ja til, det var nemleg i vevstrikk!
Alle som har prøvd det veit at det går ikkje fort.
Heldigvis er det tjukt garn og tjukke pinnar.
Men er nermer meg ferdig, her er ein liten kikk.



Innimellom må eg ha noko anna å slappa av med.
Eit enkelt ka`ana sjal er på pinnane 
og to par tova votter har eg fått ferdig.
Barnebarna veks, og dei treng nye votter.


Garn: Vestlandsgarn og Safir, 121 gr
Pinne nr 5
Og ein lys grøn klut.


Garn: Mandarin petit, 50 gr
Pinne nr 3


Å ha mange arbeid på gang samtidig liker eg i grunnen ikkje.
Men av og til er det greit å ha litt variert,
det er ikkje alt som passer til reisestrikk eller tv-strikk.

*

Dei siste dagane har me hatt eit nydeleg vær,
herleg å sleppa lyn og torden, snøvær og slaps.
Me har snø, men sola har vore framme og det gjer godt!
Det er lyst og fint og herleg å kjenna sola varmer.

Ha ein fin dag!






4 kommentarer:

  1. åh, derfor det har vore så spakt frå din kant!! Tenkte du var dratt utanlands - og glømt tid og stad ;) Det blir ei utrulig jakke med det mønsteret -berre lekkert som a Rigmor ville ha sagt!! I alle fall så kvile ikkje pinnane sjå deg ser eg... herlig med tovevottar og delikate klutar!

    SvarSlett
  2. Kjekt du er på nett igjen! Synes du er svært produktiv, stadig fine ting du held på med. Ser vi er så samd i at det å ha fleire strikketøy ikkje alltid er så dumt, nei rett å slet nødvendig når ein held på med noko som krev mykje.

    Ønskjer deg ei supe helg!

    SvarSlett
  3. Kjedelig å miste nettforbindelsen, ja.
    Vevstrikk er tidkrevende, men du verden så lekkert!!
    Håper vi får se ferdig kåpe her i bloggen ;)
    Ellers ser jeg at du har fortsatt med vottestrikking på nyåret også
    -flotte arbeider!

    SvarSlett
  4. For noen få år sida visste vi ikke hva internett var, i dag føler vi oss utafor når det ikke er i orden. Kjenner følelsen, men vil egentlig ikke godta den.
    Ser ut til å bli ei flott kåpe, men for et arbeid.
    Gode votter og hjemmestrikka vaskekluter er kjekt å ha.

    SvarSlett