tirsdag 10. juni 2014

Vinneren er:

Det gjekk ikkje lenge før det rette svaret kom!
Rekna ikkje med det skulle vera vanskeleg,
eg hadde snakka om å strikka ein jakke,
og ja, det er ein jakke!
Så Åshild, du får ein liten premie :)
Du kan kanskje senda adressa di på melding på Facebook?
Då får du dette om ei stund :)


Jakken starter i nakken og litt ned på ryggen, og eg strikker mot skuldera,
dei forkorta omgangane er over skulder/ starten på armen.
Det blir spennande om eg får den fin!
Eg har beint fram klart å knekka ei engelsk oppskrift denne gang og :)
Oppskrifta heiter Old Town.



Peona min blomstre så fint nå. 
Den er fra ei gammal plante som har vore her på garden i fleire generasjonar,
så den passar eg godt på! 
Her er den pynta med regndråper.
Fekk nettopp ei regnbyge, men me har hatt nesten 25 gr. i dag!
Eit herleg sommarvær me har, det er bare å nyta det!

*

Tante Ull har ein fin blogg med podcast og nå har ho ein "give away" på gang.
Ho er flink med strikkepinnane og til å spinne,
og det er koseleg å høyra på podcasten hennar. 
Klikk på linken og ta ein titt;)








1 kommentar: