fredag 25. april 2014

Strikk i påsken.

Me har hatt ei flott påskehelg med strålande sol og 18 - 20 grader!
Bare ein dag med regn, og då regna det bøtter og spann.
Det grønkar for kvar dag, snart er bjørka heilt utsprunge her.
I påsken har me vore på hytta og hatt gode avslappande dagar.
Me har hatt besøk, slappa av i solveggen med strikketøy og bok,
hatt familiesamling og kokt egg og grilla,
vore på besøk, ete mykje god mat og litt påskesnop og
gått fleire turar i skog og mark.
Det kunne ikkje vore betre!


Strikketøyet har vore med over alt, men det har ikkje gått fort for det.
Når det går to skritt fram og eit tilbake, seier det seg sjølv,
det har altså blitt mykje opprekking!
Det går i hønsestrikk for tida. 
Eg hadde så mykje rester i alpakkagarn i mange fargar,
og då var det ein fin måte å bruka dei på.
Men eg har ikkje noko oppskrift, 
så då går det på prøva og feila metoden.
Eg kjøpte boka Hønsestrikk til folket, 
og den er det mykje fint i som eg bruker.
Størrelsen er ca 8 år, tanken var 6 år, men betre for stor enn for liten.


Litt dokkeklær strikka eg og, men dei har eg ikkje bilde av ennå.
3 klutar var fedige før påske.



Mor Aase garn, 100 gr
Mandarin petit, 50 gr
Pinne 3,5
Denne veka har vore kort, det er alt helg igjen.
Sitronkaka til Rigmor har eg prøvd i dag, 
men eg fekk den ikkje så høg og flott som henne.
Viss den er god, blir den med på basar i morgon.
Då blir det den årlege basaren til forreninga vår.
Mitt bidrag denne gang er eit teppe.



God helg!




5 kommentarer:

  1. Seint, nei--- med deg??! Neihei-- synes det går unna med fine arbeider! Enig med deg at denna våren og Påska, har vore ein fryd! Kjekt å sjå bilder frå "kjende trakter"!

    SvarSlett
  2. Så inspirerende å se at du er igang med hønsestrikk! Jeg har kjøpt boken også -i håp om å få brukt litt mer rester :)
    Nydelig teppe til basaren. Fantastisk mye fint du strikker til utlodning!

    SvarSlett
  3. Guri meg så nydelig teppe du har laget, det var kjempeflott altså :) nydelige bilder og trivelig blogg :) vispet du godt mellom eggene, kanskje du ikke brukte maskin? Jeg bruker også passe på at ingrediensene har ligget ute i rommet ei lita stund så de ikke er gjennomkalde ved bruk. Alltid så mye fint å se i bloggene dine :) så må du ha ei riktig fin uke :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Rigmor! Eg brukte maskin og rørte godt, men egga kom rett fra kjøleskapet. Får ta dei ut i god tid neste gang. Men kaka blei veldig saftig og god :)

      Slett
  4. Hei Wenche, kan du vær så snill sende meg adr din? :) (vrigmor@yahoo.no)

    SvarSlett