mandag 7. april 2014

Skaugum kofte

Ta daaa....!! Kofte nr tre er ferdig!
Da har alle tre døtrene våre fått kofte.
Denne er strikka i Babysilk, 80% babyalpakka og 20% silke.
Eg var skeptisk til å klyppa i det då det var silke i,
rekna med det var eit glatt garn.
Men etter å ha prøvd å klyppa i ein prøvelapp,
såg eg det ville gå bra.
Har sydd i knappar i dag, og nå er kofta klar for levering.






Monteringa har tatt si tid, det var rett og slett for fint vær i sist veke.
Då prioriterte eg å vera ute i sola. men nå er det gjort!




Tatt på kvelden med blitz og er mest lik i fargane.


Skaugum kofte
Babysilk fra DSA, 650gr 
Pinne 3 og 3,5






3 kommentarer:

  1. Denna vart og veldig fin, og eit mønster som eg ikkje har sett før. Ikkje at eg er så veldig bevandra i kofteverda..
    Nå har du jo blitt så dreven i koftemontering, at eg reknar med det berre er å senda over monteringsjobbar til deg;)

    SvarSlett
  2. Så flott ei kofte du har strikket! :) Den var bare kjempeflott!

    SvarSlett
  3. Nydelig kofte du har strikka enda ein gong! Heldige døtre du har!

    SvarSlett