tirsdag 18. februar 2014

Knit Pro

Pinnesettet eg fekk til jul er bare knallgod å strikka med!
Det var forskjellige kabler med, men eg mangla ei kort.
Den minste som følgde med var 40 cm uten pinner.
I helga leita eg på nettet og hos Nøstenett hadde dei 
kort kabel som blir 40 cm med pinner.
Kjempebra! Eg kjøpte to, ja for eg er begynt å strikka
 alt med to rundpinner i staden for med 5 pinner.
Magic loop på ein måte, men bare ein sokk om gangen.
Dei hadde og kabelskjøt, så nå er det enkelt å få den lengda eg vil, genialt!


Den minste pinnen i settet var 3,5, så eg mangla nr 3, det er den eg bruker mest.
Hos Marte Helgetun fann eg det. Nå er settet nesten komplett,
skulle bare hatt nr 2,5 og, men det er visst ikkje å oppdriva.

Kubics-pinner (firkanta) har eg aldri prøvd,
men ser det er mange som skryt av dei.
Eg bestilte meg ein rundpinne, så nå skal det testast!


For eit par dagar sidan var kofta ferdig strikka.
Nå er det monteringa som står for tur,
det er ikkje mi greie, så eg treng litt mot...
Det blir ikkje i kveld, då skal eg ha forening.



Det har gått supert på ski i OL i dag, 
gratulerer til guttane som tok gull (2stk) og sølv!




3 kommentarer:

  1. Eg er så enig med deg når det gjeld Knit Pro pinnane, dei blei kjapt ein favoritt her i huset og.
    Gler meg til å sjå den ferdige kofta, syns du har vore lynande kjappe!

    SvarSlett
  2. Du strikke visst om kapp med gullmedaljane, ja!! Vonar du får til ei fin kofte??! KnitPro - har eg ikkje bevilga meg. Men, har prøvd nokre cubicks- og er veldig fornøgde med dei. Får så lett grep om maskene. Sorg då eg klarte å knekka ein nedi veska mi. Der skal eg ikkje ha dei meir!! Greit å kunne snike seg til noko nytt på nett av og til, då ;)

    SvarSlett
  3. For står godt at du er glad i dei nye pinnane, eg er veldig glad i Knit Pro-pinnane mine. Er så enig, synd dei ikkje finnes i 2.5 mm. For meg er då Karbonz pinnane eg bestillte frå Marte Helgetun eit godt alternativ.
    Nydelig jakke du strikkar på, gleder meg til å sjå den ferdig.

    SvarSlett