onsdag 11. desember 2013

Gjærbakst

I dag har eg baka gjærbakst.
Familien liker bedre det enn kaker.
Rundstykker med godt pålegg og ambrosiabrød med ost på,
det er godt det!!
4 ambrosiabrød og 40 rundstykker har eg laga i dag.





Viss du vil prøva å laga ambrosiabrød, skal du få oppskrifta her.

120 gr margarin
1 liter melk
2 små kopper sukker
1 pk rosiner, (250 gr)
Ha alt i ei gryte og kok det opp, avkjøl og tilsett
2 pk gjær og
2 samenpiska egg
Tilsett 1,5 kg hvetemel.

Heves 1 time.
Lag 4 store eller 6 små runde brød.
Etterheves og steikes 25-30 min på 200 gr.
Dei er kjempegode, bare prøv ;)

*
Det blir ikkje mykje ferdig på strikkefronten.
Kofta veks sakte men sikkert, og eg er med på ein adventsalong.

Kva skal dette bli?? Har ikkje peiling!
Eg skal strikka to til innen fredag, då får me veta meir.



Ha ei koseleg adventstid :)




3 kommentarer:

  1. Mmm - ser unekteleg godt ut! Oppskrifta på ambrosiabrød, likne på ei eg fekk av ei tante --- berre ikkje bakt på ei stund! Sjå meg går alt som er litt søtt i --- unna som, ja varmt kveitebrød!

    SvarSlett
  2. Hei :-) så flott blogg du har !! Du gir meg masse inspirasjon, og jeg setter stor pris på at du legger ut oppskrift og mønster. Det blir nok til at jeg kopierer din måte å lage ribberull :-) lurer på om du og vil dele mønster på de tova englene fra 13.11 ? De skulle jeg gjerne ha laget og hengt på trollhasselgreinene som står ved inngangsdøra sammen med en julerose :-) ønsker deg en førjulstid :-) Rannveig fra Sauda

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Rannveig!
      Så kjekt at du finn inspirasjon i bloggen min, tusen takk for fine ord :) Oppskrifta på englane låg ute til gratis nedlasting, men det forumet er sletta nå. Eg lover å skriva den i neste blogg. Dei er veldig fine til pynt i trollhassel.

      Slett