mandag 27. mai 2013

From dawn till dusk

Det måtte bli eit sjal av det lekre nøstet eg fekk av Ginko.
Mønster har eg leita etter, grubla på og studert,
og i helga satte eg i gang med "From dawn till dusk".
Eg strikka ei smalare utgave for å få det passeleg langt.
Det blei ganske bra ;)





Fargen var ikkje lett å få rett, men det nederste blir det beste.
Tenk å vera eigar av eit handspunne garn, det er stas!
Ginko er så flink og ho har spunne dette av shetlandsull.

Det har ikkje blitt så mykje ferdig her i det siste.
Eg strikker på eit teppe som skal bli basargevinst.
Har god tid på det, men det er greit å få det ferdig. 

Då snuppa vår var på besøk, strikka eg eit pannebånd til henne.
Det er godt å ha på øyrene når det blir for varmt for hua.
Fargen er lys lyng.

Me har hatt ei flott helg og me har helst budd ute, deileg med sol og fint vær.
Lørdag fekk me klyppa og tynna i ripsbuskane, 
var fleire år sida sist. Nå er det håp om god avling ;)
Me har hatt overnatting-besøk av tre guttar og,
så det har vore ei aktiv helg her, kjempekjekt!

Ønsker alle ei fin og solrik veke!

Mønster: From dawn till dusk 
Handspunne shetlandsgarn, 118 gr
pinne nr 4

Mønster pannebånd: Eige
Drops merino ekstra fine, 21 gr
pinne 3,5




1 kommentar:

  1. Du har fått deg eit staseleg sjal! Heilt uten make og sidestykke! Pannebåndet var elegant til snuppa. Fint med fletter, vett du?! =)

    SvarSlett