lørdag 6. april 2013

God lørdag!

Når det snør ute, ja det gjere faktisk det, 
finnes det någe bedre enn ein kopp kaffi, litt lørdagsgodt (blått sådan) og eit strikketøy?
Nei, då kan det bare snø sjølv om det heiter april ;)




På søndag gjekk me tur til ein gammal, nedlagt fjellgard.
Rundt husa var det laga mange steingardar, og det var i bratte bakkar dei låg.
Me kan vel kalla det handarbeid det òg, godt jobba i alle fall!



Nå må eg på kjøkken og steike vafler.
Me skal ha basar i kveld, og då serverer me heimebakst og kaffi.
Andre skal laga kringle, potetkaker, pannekaker mm, det blir alltid godt mottatt.
Håper og at loddsalget går godt, det er mange fine gevinster.

Ha ei fin helg alle saman :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar