mandag 12. november 2012

Siste innspurt

 Då er dei siste arbeida til julemessa ferdige.
I morgon skal me sette priser på dei,
og det er ikkje lett!
Men me held oss i den billigaste enden,
synes det er bedre å få seld varene.
 
Mannen min og eg var fire dager på hytta i sist veke.
Det er nermere jobben til mannen for tida,
så då kunne me bu på hytta.
Me har laga oss bad med dusj der inne,
og nå blei det heilt ferdig.
Det er så herleg å få ta seg ein dusj og varmt vatn til oppvasken er og topp!
 
Det var innevær dei fire dagane, så då gjekk strikkepinnane ;)
To store par sokker til herre og eit par til barn,
eit par pulsvarmere og to engler blei det.
I dag har eg pynta 7 engler, så då er alt klart.
 
 

 
 
 
 
 
Då håper eg at salget går godt, det er alltid spennande.
 
Den mellomste dattera vår har bursdag på onsdag,
ho blir 32 år.
 Ja, barna begynner å bli godt voksne!
Nå skal eg setta meg til å hekle 2 lyslykter til henne,
trur kanskje eg lager eit par til meg sjølv og ;)
 
 
 
 
 
 

2 kommentarer:

  1. God kveld! Så mykje fint du har strikka til messa - samt hekla av lyslykter. Det er som du skriver, kjempevanskeleg med pris på handarbeid. Eg slite med tanken på kva eg kan ta for tova vottar??? Noko tips du? Ha ein fine dag med dotter som rundar 32 år! Tillykka!

    SvarSlett
  2. Herlighet! Du imponerer med alle de flotte arbeidene dine!!
    Kan bare ønske lykke til med salget :)

    SvarSlett