lørdag 21. september 2019

Skjørt og Topp

Det er blitt sjeldnare med blogginnlegg herfra,
så nå har eg to plagg ferdige.
Først strikka eg ein topp eg fann i Sandneshefte nr 1806, stripetopp,
men uten striper. Det er 3. toppen eg strikker fra det heftet.
Garnet kjøpte eg i Sverige på turen i sommar, Lilly garn - viskose/lin.
Eg styrte litt med den toppen. Garnet var så ulikt farga i nøstene, 
så eg rekte opp ein del under armane 2 ganger. 
Strikka vekselvis med to nøster, og det blei bedre.
Den er strikka ovenfra og ned.
Så blei armen for vid og eg rekte opp igjen. Har strikka armane 3/4 lange, eg liker det best.
Den blei veldig vid rundt halsen, så eg strikka på ein I-cord for å strame den inn,
og det fungerte fint. Toppen blei bra til slutt.
Fargen er militærgrønn.


Har lenge hatt lyst til ¨å strikka meg eit skjørt, og nå blei det, endeleg.
På Drops sine gratismønstre fann eg oppskrift på Belle Skjørt.
Det blei veldig vidt, så det og måtte eg rekka opp ein del igjen.
Det blei til at eg strikka minste størrelsen, og det blei bra til meg.







tirsdag 3. september 2019

Semele Sjal

Dette sjalet har eg strikka eit av før,
og då sa eg "aldri meir" etterpå. Men slik blei det ikkje!
Det er eit tidkrevande arbeid med mønster på kvar ein pinne, og det er ikkje noko TVstrikk!
Eg har ei tante som blir 70 år i oktober, og ho ønska seg sjal.
Då blei det til at eg fann fram dette mønsteret allikevel, det er jo eit fint sjal.
Det ser ut som eg har brukt eit halvt nr. tjukkare pinnar denne gang, 
for det blei større og luftigare. 
Eg er ikkje heilt fornøgd med det, men håper ho liker størrelsen.




Det er lenge sidan oppdatering her på bloggen, så det er ein del ferdig.
Eg har strikka sokkar i Regiagarn kjøpt på Fortuna, 
det blei to par i str. 38 av eit 100 gr nøste.
Dei blei nesten identiske i mønsteret.



Eit par klutar, det er greit innimellomstrikk!


Det var ein så flott regnbue her ein dag, og den var dobbel.
Skjelden å sjå heile buen så klar.



Desse fine sommarfuglane har det vore mengder av i det siste.
Dei gule blomane veks langs vegen,
og ein dag eg gjekk tur, myldra det av sommarfuglar.
Har aldri opplevd maken.



Ein genser er og ferdig, men den får koma i neste innlegg.



tirsdag 30. juli 2019

Feriestrikk

Me har vore på tur med campingvogna i to veker.
Då har det blitt litt strikking, både i bilen og på kveldane.
Først blei det eit Elise-skjørt til eit barnebarn, eit enkelt og fint mønster.
Ho er veldig sensitiv for ull, det klør!
Så eg har strikka skjørtet i Viking Bamboo, eit veldig mjukt garn.



For eit par år sidan vant eg garn på ein amerikansk podcast.
Det er håndfarga merinogarn med glitter i.
Eg synes Løvlisjalet er så fint på fasong og det er enkelt å strikka,
og du kan strikka så langt garnet rekk.
På løvkanten brukte eg ein rest, og det blei akkurat for lite!
Eg for i kjellaren når eg kom heim og farga ein hespel Arwetta,
Det blei ganske bra på fargen, så eg fekk gjort det ferdig.




Eg strikker litt i bilen og, men då må det vera så enkelt at eg slepp å sjå på hendene.
Då går det bra og eg får nytta nokre timar me sit i bilen.
Det blei akkurat 3 klutar, felte av den siste ein time før me var heima!
Eg liker store klutar og strikker alltid opp heile nøstet.


I år har eg prøvd å handle minst muleg garn, men når me er på tur
må eg ha nokre nøster souvernirgarn!
I Sverige i ein bokhandel av alle ting, fann eg eit viskose/lingarn
som heiter Lilly, det er eit Jarbo garn. I Halden i ein stor garnbutikk
blei det Finull og sokkegarn.



Me hadde ein fin tur med fint vær nesten heile tida.
I Halden fekk me oppleva Allsang på Grensen, kjempekjekt!











tirsdag 2. juli 2019

Juvelgenser

Då har eg slått meg på trenden å strikka med mohair.
Eg kan ikkje seia at det var ein fornøyelse.
Eg strikka med to tråder Erle garn i to forskjellige rødfarger på pinne 5,5,
det er i tjukkaste laget for meg, og garnet loer så veldig.
Men dattera mi har fått genseren ho ønska seg.
Den blei mjuk og god og lett som ei sky.
Oppskrifta til Juvelgenseren stod i ukebladet Familien, og designer er 
Anita Brathetland.



To par raggsokkar har eg strikka innimellom,
det er avslappande strikk. 
Det eine paret strikka eg i vaffelmønster i eit garn eg ikkje har prøvd før,
Dale Hakkespett. Det andre er i Perfekt.






onsdag 5. juni 2019

Julietopp

Det var ein ny farge eg måtte prøva, skyblue.
Eg farga den på opalgarn. Det garnet tar farge veldig ujevnt,
men eg liker når det blir jevne spetter i plagget.
Det gjekk bra denne gang, har strikka med to nøster og 
veksla annenkvar omgang.
Mønsteret er fra Dale sitt hefte, Sommerfavoritter nr 1806.
Hullmønsteret er likt framme og bak, fra raglan aukinga og ned.
Den er strikka ovenfra og ned, praktisk å få prøva etter kvart.
Eg strikka den høgare bak i nakken med forkorta rader.
Det sto ikkje i oppskrifta, men det blir så mykje bedre .




Julietopp
Opalgarn, 283 gr
Pinne 2,5 og 3


Ønsker alle som kikker innom her ei god pinsehelg!



torsdag 23. mai 2019

Småjobber

I det siste har det blitt småstrikk på meg.
Mor hadde ein jumper på gang, 
men det blei vanskeleg med mønsteret når det skulle aukast og fellast.
Ho hadde strikka bolen når eg overtok, og eg har strikka resten.
Den er i str 2 år og garnet er Merinoull.



I fjor strikka eg meg ein topp i garn som eg farga.
Eg har ikkje vore fornøgd med armhola, dei var alt for vide.
Nå har eg strikka 3/4 armar på den.
Det er det eg liker best, så nå skal den bli meir brukt.




Eit sokkepar i tynt Fabelgarn er det og blitt.
Eg fekk eit sokkemønster på garnbutikken Fortuna,
og eg har brukt deler av den.
Ei venninne har snart bursdag og ho skal få dei i presang.






tirsdag 7. mai 2019

Q-Symre Kofte

Yngste dattera ønska seg ny kofte. 
Ho fann mønsteret til Q-Symre kofta og kom med Lille Lerke garn.
Det er eit mjukt garn i blanding av merinoull og bomull.
Eg starta på den i påsken og var ferdig med monteringa på fredag.
Det passa godt, då ho kom heim den dagen.
Det er alltid spennande om plagget passer, og kofta satt fint på henne.
Eg strikka den litt høgare bak, det stod ikkje i mønsteret, men det blir finare i halsen.
Knappar skal ho ordna sjølv. Ho blei godt fornøgd.



Været har vore veldig skiftande i vår, 
fra sommarvarme og blomstrande buskar i slutten av april,
til snøvær i mai. Men det er vel normal vår her i landet.
Håper på varmare vær snart!