Godt nytt år!
Nå er det jammen på tide med ein oppsummering fra november og desember.
Det blei strikka ein del då og, men eg har vore sløv med blogginga.
I november blei det ein del småstrikk til julemesse - ein babyjakke,
8 pannebånd og 3 par pulsvarmerar, alt dette i garn eg har farga.
I pannebånda er det med ein tråd mohair.
Til eit barnebarn strikka eg ei ullbukse i restegarn i Sterk og ei hua i Bamboo.
Han fekk og 3 par tova votter, men dei har eg ikkje bilde av.
I desember kom eg på at eg skulle strikka nokre julegaver.
Det blei 2 halser, eit pannebåd og eit par pulsvarmerar.
På julemessa fekk eg bestilling på ein genser i mitt håndfarga garn, str 8 år.
Den strikka eg i romjula.
2 par sokkar i håndfarga garn blei det og på slutten av desember.
Og på nyttårsafta strikka eg to englar, har bare bilde av den eine, men dei er like.
I november strikka eg to par selbuvotter og, men dei kjem i ein eigen blogg.
*