Aldri så galt at det ikkje er godt for noko, heiter det.
Sidan lørdag har eg sete med vond rygg,
og det har vore positivt for strikketøyet.
Fredag la eg opp til ein genser i str 4 år, og i går felde eg den av.
Den skal vera modell til utstilling i ein butikk.
Du store Alpakka har komme ut med eit nytt hefte, Baby og Barn 0 mnd - 4 år,
DSA47. Denne genseren er ein av modellane.
Eg synes den er fin og det blir sikkert fleire, var grei å strikka.
Mønster, Mia og Mio Genser DSA 47
Sterk garn, 216 gr
Pinne 3 og 3,5
Eg har og montert ein dåpskjole + hua for ei venninne,
sydd i armene, strikka på kragen, hekla ein kant og festa ALLE tråder!
Det blei ikkje bilder av kjolen.
Slike dagar er det godt å ha handarbeid å jobba med.