fredag 28. februar 2020

Sjal & Hue Sett

Det nermer seg tid for basaren til foreninga vår.
Har hatt eit tynt ullgarn liggande, og det passa perfekt til eit sjal.
Sjalet er Ka'ana Shawl, mønster finnes gratis på Ravelry.
Har ikkje tal på kor mange eg har strikka av dei.
Til hua er det ein tråd mohair med. 
Mønsteret heiter Lake Reed, den ligg og gratis på Ravelry.




*

Har visst fått sokkedilla og.
Cias Bod, ei svensk dame som har podcast på Youtube, har
samstrikk på sokkar, ei mønster kvar måned.
I ferbuar er det Woodland Walk, også gratis mønster.
Dei er strikka i Sisu, eit par til meg og eit par til yngstedattera.




tirsdag 18. februar 2020

Jakken Påskehjerte

Ja, jakken heiter Påskejakke, men den eg har strikka minner ikkje mykje om påske.
I oppskrifta er mønsterfargen gul, men eg har brukt garn eg har hatt liggande ei stund.
Garnet er Drops Babymerino, veldig mjukt og godt.
Det passer barnebarnet fint, ho elsker alt som er mjukt!
Så mjukt er garnet at då eg skylte jakken opp, blei den 4-5 cm lengre!
Den blei til at eg hadde den ei stund i tørketrommelen, og då blei det bra.
Jakken er i str. 12 år.



mandag 3. februar 2020

Barnegenser + + +

Det blir helst lite blogging med meg, så nå er det fleire ting ferdig.
Strikka gjere eg heile tida, kan ikkje vera uten strikketøy!
Eg hadde lyst til å strikka noko av garnet eg har farga, garnet er Opal
Det blei ein stripet genser etter oppskrifta til Sinnasaugenseren, men uten sauer.
Eg strikka den i str 4 år, og den ville datter vår ha til minstegutten.
Han treng ny barnehage-genser.




*

Søster mi har hatt bursdag i januar, og då strikka eg eit Løvlisjal til henne.
Det sjalet liker eg veldig godt, både fasongen og å strikka det.
Så er det så greit å regulera størrelsen på det, eg liker ikkje for store sjal.
Her har eg brukt merinogarn eg kjøpte på kone, det blei mjukt og godt rundt halsen.



*

Sokkar har eg stadig på pinnane. 
Dette paret er eit mønster av Nordic Stiches, Pumpkin Leaf Lane.
Det finnnes på Ravelry.
Ei venninne overtok dei, ho skulle gi dei i gave.



Brit Strikkenerd, som har ein strikkepodcast på Youtube,
driv ein sokkesamstrikk på tjukke raggsokkar.
Mønsteret i januar heitte Brunostsokken, det måtte eg jo prøva.
Det blei fine sokkar, men blei for store til maen, så dei går i gavekassen.
Har strikka eit par vanlege herresokkar og, men dei har eg ikkje bilde av.