Tredje klut me fekk i alongen til Bittami var og i eit nydeleg mønster.
Den kunne mest blitt brukt som brikke.
Mønsteret var ikkje av dei enklaste med to virdde vrange isamen,
men det har jo eg god trening i etter strikking av klokkejakken ;))
Mønster: Bitta Mikkelborg
Garn:Mandarin naturell, 50 gr
pinne 3
Ei hua har eg hatt som ferje-strikk.
Eg klarer ikkje strikka i bil,
men på ferjeturane er det greit å få tida til å gå med eit strikketøy.
Hua er i JC mønster i rester av Jadegarn.
Mønster: J C
Garn: Jade, 67 gr
pinne nr 4
I dag spanderte mannen middag på kafe på oss.
To sommer-måneder i året er det kafe på Randøy.
Der har dei heimelaga god mat, men i dag blei eg faktisk skuffa.
Men desserten var god, varm vaffel med is og varme bringebær, mmm!
God søndag!