mandag 17. juni 2013

Selje - Goat Willow

Klut-strikking er eit greit arbeid på varme sommerdager.
Ikkje det at det har vore så varmt,
men i gruppa til Bittami, eller Bitta Mikkelborg, på facebook (Bittamis Design for strikkelystne)
er det lagt ut mønster på klut designa av henne. 
Det er gratis mønster, og ho legg ut eit i veka i fem veker framover.
Det er bare å melde seg inn i gruppa eller gå til gruppa hennes på Raverly
dersom du er interressert.
Dette mønsteret heiter Goat Willow (Selje- eg liker best det norske navnet ;)
Det er kjekt med nye mønstre på kluter, eg liker strikkakluter på kjøkkenet.

 

Jakken min går det framover med, eller nedover ;)
Det var det som blei ei utfordring med engelsk mønster.
Begynte i halsen og strikker nedover, og starten er kraven.
Det var bare å utstyre seg med ordliste og det gjekk ganske greit.
Ein feil har eg gjordt, men det var bare ein fordel fant eg ut.
I staden for ei flette nedover ryggen tok eg to, 
og då blei den akkurat passe over ryggen.
Ser at mønsteret er små i størrelsen, så det var flaks!
Du skal få ein liten titt her, så kjem resten når den er ferdig.


I dag har eg vore på koseleg besøk hos ei dame,
og strikketøyet var med.
 Me sat ute på terrassen og kosa oss i sola, deilig!

Takk for du ser innom her, ønsker deg ei fin veke :))


Mønster: Bitta Mikkelborg
Garn: Mor Aase bomull, 47 gr
Pinne nr. 3



1 kommentar:

  1. Imponert over at du er komen så longt med engelske oppskrifter!!! Kjempefint detta du har fått til! Så lurt med dobbel fletta for å auke jakka! Fint mønster i Selje-kluten (fargen og ;)

    SvarSlett