fredag 28. mai 2021

Genser og Islandsjakke

 For nokre år sidan var me på Island, 
og eg har lenge hatt lyst å strikka ein jakke i garn og mønster derfra.
Eg fann eit fint mønster, Thingvellir. Det er ein plass eg har vore, så det passa fint!
Det er mønster på genser, men eg gjorde det om til jakke.
Garnet, Plätulopi, er eit nytt bekjentskap, det er eit uspunne garn.
Det gjekk greit å strikka, men tråden sleit fort av.
Jakken blei lett og god, eg er godt fornøgd med resultatet.



*

Sjølv om eg strikka av garnlageret mitt i heile fjoråret, 
har eg mykje garn igjen.
Nå tok eg fram Smart og Rubin i tre farger,
og det blei ein genser i fanastriper uten stjerneborda.
Den blir nok ein basargevinst.




*

Vest is Best - vesten som eg strikka for ei, synes eg blei veldig fin,
og eg fekk lyst til å strikka den til yngste barnebarnet vårt.
Den er lik i garn og farge, men ein str større - 6 år.
Han kan ikkje ha ull, så det er Viking Bamboo-garn, blanding av bomull og bambus.
Det er eit veldig godt garn som held seg fint.


Min mann ønska seg eit par tynnere sokkar. 
Eg hadde ein hespel liggande som eg har farga,
Og det blei heilt enkle sokkar.