mandag 20. juli 2015

Nordfjord Kofte

Då kjem det eit livsteikn fra meg, det er ikkje ofta nå for tida.
Det er midt i ferien og i to veker har me vore litt på reis og litt på hytta.
I morgon er planen å ta ein tur med den nye campingvogna vår.
Det er fleire år sidan me reiste på campingtur,
men me reiste kvart år før me kjøpte hytta.

*

Strikkepinnane har ikkje hatt ferie.
Eg har fått ferdig den første julepresangen, ei kofte til far min.
Det er Nordfjord kofta og mønsteret fant eg i boka, Kofteboken.


Eg har strikka den i DSA Sterk i fargane mellomgrå og offwhite.
Garnet er veldig godt å strikka med og det er mjukt og godt.
Det blir ei varm kofte. Far er frosen av seg, håper han held varmen i denne.
Garnet er nylonforsterka, så det er godt til sokker og.

                       
                     
Tenkte desse knappane passer til ein mann som alltid har
likt friluftsliv og jakt.
Håper han liker denne kofta!



*

Takk til alle som kikker innom her,
og ha ein fortsatt god sommar!

Mønster, Nordfjord Kofte
Garn, DSA Sterk, 700 gr
Pinne 3 og 3,5





5 kommentarer:

  1. Den blei verklege fine!! Og garantert vil den bli brukt!!! Fine knappar og godt garn. De må ha god tur med vogna! Spennande ! Håper å få sjå feriemål i bloggen din på seinsommar???

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Me har ikkje noko mål for turen, men prøver å finna litt sol og sommarvarme på sør-austlandet ;)

      Slett
  2. Denne blir nok faren din glad i - definitivt! :) den ble kjempefin Wenche, og du strikker så jevnt og så pent! Nydelig håndarbeid og flott kofte. Fortsatt god sommer til deg også :)

    SvarSlett
  3. Denne koften fikk jeg øynene opp for når jeg satt og bladde i kofteboken i dag. Og når jeg googlet koften, kom jeg hit :)
    Utrolig flott gave dette! Så fint strikket og så fin i fargene. Luksusgarn gjør den god og varm tenker jeg :)

    SvarSlett
  4. Veldig flott kofte!!! Denne likte jeg godt :-)

    SvarSlett