Det er aldri for seint å læra noko nytt.
Å spinna har eg lenge hatt lyst til å prøva, og nå fekk eg endeleg sjangsen.
Eg er så heldig å kjenna ei dame som er blitt så flink til å spinna.
Av henne fekk eg ull - forgarn - til å prøva meg på, og då måtte ho koma hit og visa meg.
Me hadde nokre kjekke dagar med nydeleg vær,
karding og spinning på terrassen, strikking fekk me og tid til, kjempekoseleg.
Det kom to damer til og ein dag og fekk lært seg spinnekunsten,
og me hadde ein flink lærar!
Så nå må me bare øva videre, det var ikkje så enkelt å få til.
Men eg er godt fornøgd med det første garnet mitt, spinna av forgarn.
Nå prøver eg meg på å spinna av karda ull, karda på maskin, det var litt verre å få til.
Blir spennande å få tråden av spolen, tenker det blir meir variasjon på det garnet.
Eg prøvde meg å karda for hand og, må skaffa meg nye kardar.