I garnlageret mitt har det hopa seg opp med rester av diverse alpakkagarn.
Det var i mange fargar, og då passa det godt å prøva hønsestrikk.
Eg hadde ikkje oppskrift, og det straffa seg.
Tenkte først ein størrelse ca 6 år, men den førstre blei alt for liten.
Etter første mønsteret rekte eg opp og la opp på ny,
men då tok eg godt i, den er nok 7-8 år i størrelen.
Tenkte det var betre med for stor eller for liten,
gadd i alle fall ikkje rekka opp igjen!
Men eg har strikka genseren ca 1,5 gang,
ikkje alle mønster og fargekombinasjon eg blei fornøgd med.
Veit ikkje om bæresykket blei så bra heller,
men nå blir det ikkje rekt opp fleire ganger!
Alle mønstra har eg funne i boka Høsestrikk til folket.
Dei fleste figurane var store, så eg har laga sauene og vannkannene mindre.
Div. alpakkagarn, 293 gr
pinne 3 og 3,5
Eg har ennå masse garn igjen, og eg er i gang med ein genser til.
Men det blir ikkje hønsestrikk denne gang ;)
Ha ei fin og kreativ veka :)









