onsdag 20. oktober 2021

So Faded Genser og Peacock Tee +++

Det er på tide med ein oppdatering.
Strikkepinnane  mine går jamt og trutt, så nå er det ein del ferdig.
So Faded genseren av Andrea Mowry har eg ønska meg lenge.
Har hatt nokre hesplar med fint, handfarga garn liggande som eg har fått eller vunne.
Då det blei samstrikk på podcasten til Ulltøsene, var det puffet eg trong.
Eg fann fram 3 hespler som gjekk fint samen, men eg mangla ein,
så då farga eg den lyse sjølv. 
Genseren er meir burgunder enn det kom fram på bilde.



*
Minste barnebarnet treng ny genser, og det liker eg å strikka.
Han tåler ikkje ull, så eg har strikka den i Viking Bamboo, 
eit garn som er mjukt og held seg godt i vask.
Eg hadde ingen oppskrift, men la inn bordene til Noragenseren.
Denne blir med i pakken til 5 års-bursdagen.
Han ønska seg ei hua og, den er i same garnet.




*

Sjal er ein av dei tinga eg liker best å strikka.
Marinasjalet synes eg er så fint og eg har sett lenge på det.
Det blir ein del farging av garn her i huset, ein veldig kjekk hobby!
Eg fann fram eit merinogarn som har ligge ei stund og ikkje blitt seld,
og samen med ufarga merino strikka eg Marinasjal av Anja Helen S Hansen.



*

Sommaren er over, men eg er seint ute og strikka meg ein sommartopp.
Strikka den med 3/4 armar, så kan eg bruka den heile året.
Det blir for varmt med ullgenser inne, men denne er i bommull/viskose /lin,
veldig behagelig å ha på.
Toppen heiter Peacock Tee av Lene Holme Samsøe.
Denne skal inn i samstrikken, rååååsasamstrikk, til Frøken K, 
ho har ein innsamling til rosa sløyfeaksjonen.




*
Kjekt du ser innom her.
Ha ein fin og kreativ haust!