Viser innlegg med etiketten along. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten along. Vis alle innlegg

søndag 1. november 2015

Duchess of Devonshire

Eg har vore med på ein KAL på ei gruppe på Raverly.
Kay Jones, på podcasten Bakery Bears, har designa eit sjal.
Ho selde mønsteret til halv pris og starta ein KAL.
Mønsteret var enkelt og fint så eg slengde meg på.
Eit sjal hadde eg bruk for til den nye svarte jakken min,
der er glidelåsen og eit par små detaljer i denne rosa fargen.
Tenker dette sjalet vil friska opp til det svarte,
det er litt sterkere gammelrosa enn på bilde.



Fasongen blei litt rar i halsen, men eg fekk blokka det ut.
Det blei bra til slutt og passe stort.
Garnet, Hverdags, var veldig godt å strikka med og det er mjukt og godt,
første gang eg prøver det. 
Det er ein blanding av alpakka og peruviansk ull.
Bare så synd det går ut nå.


Duchess of Devonshire av Kay Jones
Garn, DSA Hverdags 130 gr
Pinne nr 3,5 og 4

*

Takk for du ser innom og ha ein god søndag!



søndag 12. april 2015

Samstrikk - Grantreet

Eg var så heldig å vinna E-boka, 
Flere votter fra eventyrskogen av Vottelauget,
på podcasten til Daisy knits alot.
Vottelauget inviterte til påskestrikk-konkurranse, 
ein skulle strikka eit vottepar fra bøkene deira.
Eg melde meg på, tenkte det var ein fin anledning til
å prøva ut eit mønster eg lenge hadde tenkt på.
Det blei ikkje akkurat påskefarga votter, men påskeharen er med ;)
Men det passer vel med eit grantre til ein juletredyrkar?
Ser eg kunne hatt ein lysare gråfarge for betre kontrast,
men det får vera som det vart...
Vottane er i minste størrelse,
dei sit godt på handa men er kanskje ein tanke for korte,
satser på å blokka dei litt etter vask.



Aukingane i kilen til tommelen har eg gjort på same måten som eg gjorde på jakken.
Omgangen før auking lager eg kast på pinnen der eg skal auka,
på neste pinne strikker eg kasta vridd.
Då blir det ingen strame masker som eg har hatt problem med før
når eg tar opp tråden mellom to masker.
Håper dette var forståeleg. Du kan lesa meir HER


Mønster, Møyfrid Engeset, Silkesauen
Garn, Ask 56 gr
Pinne nr 2,5

tirsdag 7. oktober 2014

Mysterievott

Endeleg blei mine mysterievottar ferdige!
Det er Torirot som har hatt denne alongen.
Sist veke var eg på farten, så eg fekk ikkje strikka tommelen før i helga.
Den minste størrelsen blei perfekt til meg. 
Har strikka dei i Ask garn og på pinne 2,5.
Etter å ha strikka mykje i alpakkagarn den siste tida, 
var det stor forskjell å strikka med reint ullgarn.
Garnet var hardt, men rekner med det mjukner i vask.


Mønster, Soria Moria av Torirot
Garn, Ask, 60 gr
Pinne nr 2,5


Eg nevnte at eg hadde vore på farten.
Sist mandag reiste eg til Bergen på eit koseleg besøk hjå ei strikke-venninne.
Der var eg så heldig å få vera med på eit foredrag Beate Lindseth
hadde om vottar fra forskjellige kanter av landet. 
Det var veldig interressant å høyra ei så engasjert dame,
og ho hadde strikka utruleg mange forskjellige vottar.



Boka ho har gitt ut om julekorger fekk eg og kjøpt.
Det er imponerande kva den dama kan!



Ein tur til Hillesvåg Fabrikker fekk eg og, veldig kjekt!
Der var ei utstilling av gamle kofter, figurar laga av ull, masse garn,
ja, der koste eg meg verkeleg!
Masse garn blei med meg heim, fekk så vidt klemt det ned i kofferten.


 Flotte høstløv, sjå uttrykka i fjesa...


Kanskje me skulle laga oss slike tøfler ;)

Kom ikkje tomhendt fra Søstrene Grene heller.

 Eit nytt garn for meg som skal prøvast.

Diverse mønstrar og pinnar kjøpte eg og, snopa meg karbonzpinnar nr. 1,5. 
Har ikkje strikka med så tynne pinnar, det blir spennande!


Som dokke sikkert forstår, har eg hatt ein flott tur!
Takk til Sølvi som var så gjestfri og inviterte meg, kjempekoseleg!
Eg fekk treffa igjen fleire strikkedamer og hilsa på nye, det var sååå kjekt!
Denne turen kjem eg til å leva lenge på!














søndag 21. september 2014

JC lue og litt til.

I går feira me to bursdagar, ei datter og ein svigerson fyller år den 20. og 28.
Me blei buden på krabbe og rekefest, der me og fekk og smaka sushi.
Deileg mat, men held ein knapp på krabbe og reker ;)
Herlege kaker fekk me og.

Til svigersonen hadde eg strikka ei hua som blei med i pakken.
Det er mønsteret JC lue eg har brukt til denne,
strikka i Sterk fra DSA og Silja.


Måtte prøva på eit tilgjengeleg hode ;)


Mønster: Jacques Cousteau av Lalla Pohjanpalo
Garn: Sterk og Silja, 65 gr
Pinne 3,5
 *

I sommar har eg vore så heldig å vunne to ganger!
Eg som ikkje pleier å vinne, dette var kjempekjekt!
Denne pinne veska med stilige ugler på, vant eg på Tante Ull sin blogg.
Og det flotte hespe Wollmeise, vant eg på ei gruppe på Raverly
som Daisy knits alot har.





Eg er med på vottealongen til Torirot.
Nå har eg fellinga igjen på 4. nøkkel, siste nøkkel blir tommelen.
Har strikka den minste størrelsen, og det ser ut til å passe meg akkurat.
Prøver meg på å strikka begge samtidig med magic loop.
Magic loop strikker eg mykje, men liker best ein om gangen.
Tykkjer det går mykje seinare når me må 
bytta fra den eine til den andre heile tida.


Elles fester eg tråder, og fester tråder og fester....  på jakken! 
På ein arm var det 46 tråder, det blir eit par hundre tilsamen på heile jakken!!
Eg er ferdig å strikka, men har ein del striper å hekla.
Tenker det blir blogga om jakken neste gang.

Ha ein god kveld :)

torsdag 26. desember 2013

Hjerte-mysterie

Me har hatt (og har) ei god jul. 
Heile familien, 23 stk, var samla på julafta, kjempekjekt!
Masse god mat og flotte presanger fekk me.
Eg må visa dokke det eg fekk av eine dattera, ho veit kva mora liker ;)



Eit nydeleg etui med 4 kabler og 8 forskjellige pinner.
Det blir spennande om dei er god i bruk!

*

Strikking har det blitt lite av i jula,
men eit mysterie har eg vore med på.
Del 3 blei eit fint hjerte. Det einaste eg kunne tenkt å forandre,
var å laga hjertebuen litt rundere, den blei litt for spiss.
Eg strikka det i Baby bomull.



Gjestal Baby bomull, 11 gr
Pinne nr. 2,5

I romjula har eg planar om å strikka og kosa meg.
Når huset er julepynta, er det herleg å bare nyta roen.

Ha ei fortsatt god jul, bloggvenner!





onsdag 18. desember 2013

Along del 2

I andre del av alongen skulle me strikka 6 av desse lappane.


Det var ikkje godt å sjå kva det skulle bli,
men sjå kor fin julekule det blei til slutt ;)
Eg brukte kvitt garn til samenheklinga. 
Kunne tenkt meg sølvgarn, men det fekk eg ikkje tak i.


Gjestal Baby Bomull, 17 gr
Pinne 2,5

Det er bare så leit at Handarbeids-forumet der alongen gjekk er blitt hàcka.
Alt er sletta og borte! Kan du forstå kva gleda dei har av å herje rundt slik?!!
Eg er skuffa og lei meg, huff!!

*
Men over til noko kjekkere ;)
I helga hadde me juletresalg med bålkos.
Kundene fekk kaffi og pepperkaker og ungane steikte pinnebrød.
Mange kjem igjen år etter år, og fleire nye kunder kom og.
Det er blitt ein koseleg tradisjon.
Det einaste som mangla, var snøen.


*

Eg fekk ei koseleg julehelsing i posten ein dag.
Sjekk denne fyren her..


Praktisk er han og, den vil bli mykje brukt av meg.
Falt heilt for krabben, eg! Tusen takk, Linda :)


*


Eg har lova å skriva oppskrifta på tova engler.
Hanne Aas si oppskrift låg til gratis nedlasting, då er det vel greit å gi den videre.


Du kan bruka Vestlandsgarn, Mor Aase og Østlandsgarn,
eller anna garn som tover.
Pinne nr 4.

Legg opp (60) 80 m, strikk 3 riller.
Fortsett med rettstrikk rundt. Merk midt foran og bak. 
Fell 1 m før og 1m etter den merka masken annenhver omgang.
Strikk til det er 8 m igjen. Strikk 1 omg vrang.
Neste omg strikkes 2 m i hver maske = 16 m.
Strikk (7) 9 omg. Fell 4 m på neste omg. = 12m.
Trekk tråden gjennom de 12 maskene.

Vinger
Legg opp 5 m. Strikk 1 r, 1 kast omg ut = 9 m.
Strikk 1 pinn rett, sett et merke ved midtmasken.
Strikk 1m r, 1 kast, strikk til midtm, 1 kast, 1r, 1kast, strikk rett til 1m står igjen, 1 kast, 1 rett.
Neste pinne rett.
Fortsett disse to pinnene til det er (35) 45 m på pinnen.
Fell av.

Montering
Fyll hode med fyllvatt eller garnrester, trekk maskene godt sammen og fest tråden.
Sy fast vingene.
Toves i maskin på 40 gr.
Hekle en hempe som festes på hode.
Pynt eventuelt med perler til glorie.

Eg har tatt med ein størrelse mindre som eg strikka i høst.





onsdag 11. desember 2013

Gjærbakst

I dag har eg baka gjærbakst.
Familien liker bedre det enn kaker.
Rundstykker med godt pålegg og ambrosiabrød med ost på,
det er godt det!!
4 ambrosiabrød og 40 rundstykker har eg laga i dag.





Viss du vil prøva å laga ambrosiabrød, skal du få oppskrifta her.

120 gr margarin
1 liter melk
2 små kopper sukker
1 pk rosiner, (250 gr)
Ha alt i ei gryte og kok det opp, avkjøl og tilsett
2 pk gjær og
2 samenpiska egg
Tilsett 1,5 kg hvetemel.

Heves 1 time.
Lag 4 store eller 6 små runde brød.
Etterheves og steikes 25-30 min på 200 gr.
Dei er kjempegode, bare prøv ;)

*
Det blir ikkje mykje ferdig på strikkefronten.
Kofta veks sakte men sikkert, og eg er med på ein adventsalong.

Kva skal dette bli?? Har ikkje peiling!
Eg skal strikka to til innen fredag, då får me veta meir.



Ha ei koseleg adventstid :)




torsdag 5. desember 2013

Adventskalender-mysterie

I ei gruppe eg er med i , har Zirkona adventskalender.
Det første mysterie var ein engel.
Eg glømde å ta bilde før montering, 
eg klarte ikkje tippa kva det var før forklaringa kom ;)
Eg hadde ikkje så mykje pynt liggande, så det blei ein enkel pynta engel,
det passer meg igrunnen bra.


Mor Aase, 8 gr
pinne nr 2

Eg har eit større arbeid på gang for tida.
Eldste datter ønska seg ei kofte, og den skal ho få i bursdagspresang.
Ho fant ei mønster fra 50 tallet som heiter Meldal, den strikker eg tynn alpakka.
Det går ikkje fort med mønsterstrikking på kvar omgang.
Men armane er ferdige, og nå er det bare bolen og beine vegen igjen.


Nå har eg kost meg med ein god lunch.
Skjeva med nylaga sylteflesk (oppskrift finn du i bloggen eg skreiv i går)
og nysteikt havrekjeks med brunost, mmm...



Ønsker dokke som ser innom ei god adventstid!



tirsdag 29. oktober 2013

Alpelue...

Alpelue, tam eller beret, det er mange navn på denne lua.
Eg har vore med på ein along med Zirkona, denne gang var det alpelue.
Me fekk oppskrift på lua som Kari delte med seg,
 og eit tomt diagram som me skulle tegna mønster i sjølv.
Det er veldig kjekt med ein utfordring, eg lager ikkje ofte mønster til det eg strikker.
Etter ei tid med blyant og viskelær, blei dette resultatet til slutt.




Det er sikkert fleire som har sett at eg er glad i hjerter,
og denne lua blei ganske hjerteleg.
Eg har brukt tre forskjellege sorter garn,
Blå/grå melert Fantasy, lys blå Drops alpakka og lys syrin Dale babyull.
Størrelsen blei fin, passer til meg, men eg og hua går ikkje så godt isamen!

Garn, 54 gr
Pinne nr. 2,5 og 3

*

Til julemessa har eg strikka to par herresokkar og 
to bokmerke til.



Garn, Sportsragg, 142 og 142 gr
Pinne nr. 3,5

Garn, mini-Duett. 8 gr
Pinne nr. 2    
*
Eg har fått mange koselege kommentarer i det siste, tusen takk!!
Setter stor pris på det, kjekt når dokke liker det eg lager :)

Ha ein fin kveld!



onsdag 21. august 2013

Analucia

Då var along-sjalet strikka ferdig.
Det blei passe stort med medium størrelse.
Etter antall meter på garnet, skulle det stemma med det eina nøste eg hadde.
Men det gjekk bare ca halve nøste, sjalet veg bare 29 gr!
Har aldri strikka med så tynt garn før, det er Harmony fra Jojoland.
Det skulle og vore nokre omganger med perler innstrikka, men det droppa eg.

Sjalet var spennande og kjekt å strikka.
For kvar ny del me fekk, var det ei ny mønster.
Denne måten å strikka sjal på var og ny for meg, 
enkelte mønster er strikka bare på halve sjalet.
Men fint blei det :)

 Det var ikkje lett å få fargane rett, men det er best der det ligg.




Mønster: Analucia av Erica Jackofsky
Garn: Harmony fra Jojoland, 29 gr
Pinne nr 4

*

Sjalet var ikkje det beste TV-strikk med sitt kunststrikk,
då gjekk det bedre med nokre klutar.
Dokke er vel snart leie av å sjå alle klutane mine,
men eg tar med alt eg strikker i bloggen,
då har eg full oversikt.
Dokke får heller hoppa fort over dei :))
Desse tre er i forskjellig garn, og eg strikker opp nøstet.
Det blei stor forskjell på størrelsen.



Mønster: Finale, Hvit bjørk og falsk patent.
Garn: Mor Aase, Tuva og Mandan naturell, 150 gr
Pinne nr 3

*
Det er ikkje kjekt å rekka opp!!
I ferien begynte eg på eit skjerf med eit garn eg hadde kjøpt i Trondheim.
Då eg hadde strikka det eine nøste nesten opp, 
såg eg at det ville bli for lite garn.
Det er ingen her rundt som har det garnet, 
og då var det bare å rekka opp.
Nå har eg funne ein liten hals som har ligge lenge på vent i "skal strikka" lista mi.
Satser på garnet rekker til den.


Me har begynt på eit oppussings-prosjekt her i huset,
og då går det tregare med strikkinga.
Men nokre rundar til dagen blir det allltid :)

















mandag 12. august 2013

Sjal along

Eg har sett på dei flotte sjala Garnhekta har strikka seg,
og då ho tipsa om ein along på Raverly, 
falt eg for fristelsen og melde meg på.
Designer er Erica Jackofsky.

 Mønsteret fekk me i sju deler,
og dei låg og venta på meg då me kom heim fra ferien.
Hadde bare strikka første del før me reiste,
nå er eg ferdig med femte del.
Det er eit spennande sjal å strikka 
med mange forskjellige mønster i kunststrikk.
Framgangsmåten er og ny for meg,
strikker sjalet stykkevis og delt ;)

Garnet er ei gåve fra ei snill venninne.
Harmony er så tynt at eg føler det er sytråd eg strikker med,
men det blir lett og luftig med pinne nr 4.




torsdag 11. juli 2013

Dominoteppe

Då var endeleg dette teppe ferdig.
Eg starta på det i fjor og har tatt det fram i mellom andre arbeid.
Dominoruter er kjekt å strikka og eg har laga hullmønster i nokre av rutene.
Det skal vera basargevinst. 
Planen var å få det ferdig til basaren i vår, men slik blei det ikkje.
Så nå får det liggja til neste vår ;)




For fleire år siden kjøpte me ein bærepose med dette tynne og fine ullgarnet til foreninga.
Det var ikkje merka, så eg veit ikkje kva det heiter,
men det er mjukt og godt.
Det er det tredje teppe eg har strikka av det garnet,
pluss eit sjal og pulsvarmere.
Ennå er det garn igjen, så det var utruleg drygt.

Mønster: Domino
Garn: Ukjent ullgarn, 754 gr
Pinn nr 4

*


Eg måtte strikka ein ny klut til meg med det fine mønsteret, Hegg.
Eg gav jo vekk den første ;)


Det blir fleire klutar framover.
Mønsteret fra sist veke har eg lagt opp i dag,
og i morgon kjem det siste mønsteret.
Det kan vera greit å ha med på tur.

*

Foreningen vår skal på tur til hytta vår på lørdag.
Me må ha någe godt til kaffien då, eg skal laga ei kake og lappane er ferdige ;)





Takk til dokke som kommenterer på bloggen min,
det er veldig kjekt å lesa!
Ønsker dokke alle ein fin sommerdag :)


Mønster: Hegg, Bird Cherry
Garn: Mandarin naturell, 50 gr
Pinne nr 3