søndag 31. mars 2019

Løvlisjal uten løv

I haust på Dyrsku`n i Seljord, snopa eg meg ein hespel handfarga mohairgarn av kanin.
Det er så mjukt og lett at det måtte bli noko til å ha rundt halsen.
Fasongen på Løvlisjalet liker eg veldig godt, det blir som eit skjerf.
Så eg har strikka eit Løvlisjal uten løv og 
strikka heller eit hullmønster i kanten så langt garnet rakk.
Det blei passe stort som eg liker det.






Eit par raggsokkar er og kome av pinnane, kjekt å ha nokre liggande.




tirsdag 19. mars 2019

Babykjole

Niesa til mannen min fekk ei lita jente, 
og då fekk eg lyst til å strikka kjole til henne.
Eg fann ei fin mønster i eit gammalt babyhefte til Dale,
men eg hadde ikkje rette garnet.
I hylla mi fann eg Viking Alpakka Silke som eg satte i gang med.
Det garnet er tjukkere, og eg la opp til liten størrelse,
men kjolen blei større enn eg hadde tenkt, den er sikkert 1-2 år.
Er den for stor til å gi i sengmat, det blir lenge til den kan brukast??
Eg må kanskje strikka ein ny, skal alltid finna ei jente som kan bruka denne.


Eit par sokkar til maen har vore på pinnane ei stund.
Det er greit å ta med seg som reise - ventestrikk.



Det er vår i solveggen, desse krokusane er nesten avblomstra alt.





tirsdag 12. mars 2019

Foss Genser - Samstrikk

Det går i kofter og gensere for tida og det liker eg.
Eg farger i ein ny garntjukkelse i lammeull og hadde bruk for ein modell.
Det er greit å vita kor mykje garn ein treng til eit plagg.
Garnbutikken Fortuna har ein samstrikk på genseren Foss,
mønsteret ligg gratis på Filcolana.dk.
Eg synes den genseren er veldig fin, og eg liker å strikka striper.
Blei godt fore\nøgd med dei duse grønfargarne,
dei passa godt til mønsteret. 
Det er ikkje alltid at rundfelling passer så godt på meg,
men denne genseren hadde fin passform.
Veldig greit å sleppa montering!!



Det er ikkje for seint å vera med på samstrikken om nokon får lyst til det,
den varer ut april, så det er god tid.
Gruppa finn du på Ravelry, og navnet er Garnbutikken Fortuna.
Dei har og ein podcast på Youtube under same navn.
Det er mor og datter som driv garnbutikk.
Anbefaler å sjå den, dei strikker mykje fint og har ein fin humor seg imellom,
og dei snakker norsk.

lørdag 2. mars 2019

Raglan Genser

Eg prøver å strikka opp garn eg har liggande i hyllene mine,
og der er der ikkje så lite....
Har lenge tenkt på kva eg skulle bruka nokre nøster babyalpakka/silke garn til,
som eg har hatt liggande nokre år. 
Eg veit ikkje kvifor eg kjøpte det, det er ikkje mine fargar, men det er farleg å gå innom garnbutikkane i Oltedal når det er gode tilbud!!
Nå blei det til ein enkel genser med raglanfelling.
Den skal bli gevinst på basaren vår etter påske.
Men ennå har eg nokre nøster igjen av dette, trur eg skal strikka eit sjal av resten.