lørdag 2. mars 2019

Raglan Genser

Eg prøver å strikka opp garn eg har liggande i hyllene mine,
og der er der ikkje så lite....
Har lenge tenkt på kva eg skulle bruka nokre nøster babyalpakka/silke garn til,
som eg har hatt liggande nokre år. 
Eg veit ikkje kvifor eg kjøpte det, det er ikkje mine fargar, men det er farleg å gå innom garnbutikkane i Oltedal når det er gode tilbud!!
Nå blei det til ein enkel genser med raglanfelling.
Den skal bli gevinst på basaren vår etter påske.
Men ennå har eg nokre nøster igjen av dette, trur eg skal strikka eit sjal av resten.





2 kommentarer:

  1. … og farleg å gjennom salgskassane i tropp på tre!! Trur både svigerinne S og meg, kjøpte med oss akkurat det garnet. Men, herlig luksusgarn er det. Genseren er like flott som Nordlyset,

    SvarSlett
    Svar
    1. Det stemmer, farleg, farleg!! Genseren er herleg og mjuk, men eg reagerer på alpakka, dessverre!

      Slett