torsdag 25. april 2019

Bolero str 8 år

I påsken gjorde eg ferdig ein bolero.
Eit barnebarn hadde bruk for ein ny. Ho kan ikkje ha ull, det klør,
så eg har strikka den i Viking Bamboo, det er bomull - bambus blanding.
Ho er skeptisk til alt som er strikka, men ho tok den på og ho ville ikkje ta den av igjen.
Det lover godt, håper den blir brukt.
Jakken er finest i ryggen med bølgemønster på ein annan måte.



*

Det er så nydeleg ute nå, 
det blir grønare for kvar dag og blomane kikker fram.



tirsdag 9. april 2019

Aures Minikins Topp

Eg var nokre dagar hos den eine dattera vår i sist veke.
Då strikka eg ferdig ein topp til eldstejenta.
Garnet er Bamboo fra Viking, blanding av bambus og bomull.
Der er viktig at det ikkje klør, og denne blei mjuk og god.
Eg strikka ribbekanter i staden for riller. Rillekant har så lett for å rulla seg opp.
Jenta blei fornøgd!
Oppskrifta kjøpte eg på Ravelry.