lørdag 19. januar 2019

Nancyjakke

Det første arbeid i 2019, ein Nancyjakke, er ferdig.
Eg var på julemesse med det handfarga garnet mitt, 
og der fekk eg ein bestilling på denne jakka strikka med garnet mitt.
Det var veldig kjekt, og spennande om eg fekk til rette farger.
Eg strikka den litt høgare bak, elles er den etter oppskrifta.
Nå er den ferdig, og eg håper mottaker blir fornøgd.
Ho skulle finna knappar til den sjølv.




*

I år er julerosa mi fin, den har blomstra sidan starten på desember.
Kjekt å ha blomster i hagen midt på vinteren!


tirsdag 1. januar 2019

Siste oppdatering for 2018

Det har vore eit år med masse handarbeid i år og.
Det meste går i strikking, då slapper eg av og nyt det!
Det har blitt heile 81 forskjellige plagg, store og små tilsaman.
Det siste eg laga i 2018 er eit par tova votter og ein hals til eit barnebarn.
Ho fekk farga ein hespel lammeull-garn for ei stund sidan,
og eg lova å strikka votter til henne. Og nå blei det både votter og hals.
Halsen strikka eg med ein tråd børsta alpakka saman med lammeullen.





*

Eg har og lært meg noko nytt dette året, eg fekk læra meg å spinna.
 Sølvi kom på besøk og var så snill å læra meg teknikken. 
Me hadde nokre kjekke dagar saman i vår.
Nokon ekspert er eg ikkje blitt, det er øving som må til.
Datter vår har gard med sauer, og i haust fekk eg ein heil fell lammeull.
Det blir litt å putla med framover med vasking og karding av ull.
Tenk, eg fekk kardemaskin til jul av maen, det var heilt uventa for meg!!
Så nå ligg alt til rette for spinning i 2019!



Mitt første sjølvspunne garn.

 *

Det blei masse fint i adventspakkane mine, 
ei heil skål full å kosa seg med framover!



Ein flott pakke fekk eg til jul av ei venninne. Det blir ikkje mykje hekling med meg, 
så det var veldig kjekt å få eit fint, hekla nett! Tusen takk, Linda!


Eg spanderte ein pakke på meg sjølv og.
Garnbutikken Fortuna er ein spennande butikk som driv med litt av kvart,
dei farger garn sjølv og. Butikken ligg på Løkken Verk, men dei har og nettbutikk.
Dei laga til ei overraskelse-presang, og eg kjøpte meg ein.
Det angrar eg ikkje på, sjå bare dei flotte fargane å garnet!
Det var og ei prosjektveske og eit mønster på eit sjal med i pakken.
Bilde blei mørkt, men fargane er nokså rette.




*

Då vil eg takka dokke som ser innom bloggen min,
det er veldig kjekt om du legg igjen nokre ord!

Ønsker deg alt godt i det nye året!