Siste dagane før julemessa sist helg, gjekk pinnane nesten varme.
Det gjekk i småting som var fort gjort.
Boblelua er eit kjekt mønster, strikka vridd rett i ribbestrikk denne gang.
Halser til barn strikka eg 4 av, men to i rosa glømde eg å ta bilde av.
Hadde ingen oppskrift, strikka etter eige hode.
Ein kveld var eg på strikketreff.
Der var Kathrine Gregersen, forfatteren til Nøstebarnbøkene.
Ho kom med gode tips og var inspirerande å høyra på.
Masse fint strikk hadde ho med seg og.
Me fekk utdelt eit mønster på pulsvarmerer, dei strikka eg to par av.
Eg blei ikkje så fornøgd med dei.
I alpakkagarn blei dei veldig ujevne, var litt bedre i ullgarn.
Ei venninne bestilte ein hals.
Ho ville ha glidelås i den, men den skal ho sy i sjølv
Boblehua, Dale alpakka, 71 gr
Halser, Mohana, 122 gr
Hals, Viking alpakka, 91 gr
Pulsvarmere, 37 gr
*
Elles er dagane travle for tida. Datter vår har starta eige blomsterutsalg.
På bestilling lager ho dekorasjoner og buketter til alle anledningar.
I går hadde ho ope hus og hadde laga masse fint til advent.
Desse kjekke nissane er populere.
Ønsker alle ei fin adventstid!