Viser innlegg med etiketten garn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten garn. Vis alle innlegg

mandag 14. juli 2014

Ein liten oppdatering

Det blir ikkje mykje strikking i varmen.
Eg held på med ein babyjakke i ull,
men det frister ikkje når gradestokken tippa 30 gr!
Nei, eg klager ikkje, det er ein flott sommar me har!
Sist veke var me på biltur i Sverige,
me hadde ein flott tur.
Vegane der er nesten motorvegar over alt,
og då kunne eg beint fram strikka litt i bilen.
Ein klut i rillestrikk gjekk bra.
4 klutar er det einaste eg kan visa ferdig i dag.


Den turkis kluten er designa av Bitta Mikkelborg og heiter Ballblom.
Den kunne ikkje strikkast i bilen!
Der var det mønster på kvar pinne og veldig lett å gjera feil.
Dette blir nok ikkje min favoritt, eg måtte rekka opp rett som det var!
Eg liker klutane store, 
så eg la opp ekstra masker mellom mønsterrapportane.
Desse to er strikka i Mandarin Petit.

Mandarin petit, 39 og 51 gr
Pinne nr 3

Bitta lager fine klutar, og her er to til.


Den kvite heiter Symre, strikka i Mandarin naturell, og den liker eg veldig godt.
Der var det lett å få den større, hadde bare fleire masker i midtpartiet.
Men eg snudde om på mønsteret og strikka mønsteret på vranga,
då sparte eg armen for mange vrangmasker,
då blei det heile pinner med rette masker i staden for vrange.
Det same gjorde eg med den turkis, den heiter Bergknapp.
Garnet er Mor Aase.

Mor Aase, 48 gr
Mandarin naturell, 55 gr
Pinne nr 3

*

Tenk, eg kom ikkje over ein einaste garnbutikk i Sverige!
Strikker dei ikkje der tru??....he he!!
Men eg har snopa nokre nøster likevel.
I den koselege byen Risør, kjøpte eg Rauma Finull,
det har eg aldri prøvd før.

 

Og ikkje minst denne hespelen, reine skatten!


I Flatbygda i Telemark selde dei ferdige pakkar med garn fra Telespinn.
Det er garn av mohairgeit, nydeleg mjukt garn!
Garnet er handfarga og handspunne.
Dette skal nytast, har aldri kjøpt eit så dyrt garn nokon gang...

*

I dag er det klesvask før me reiser på hytta.
Fortsatt god sommar til dokke alle!
Eg set veldig pris på kommentarer, tusen takk!!



tirsdag 9. juli 2013

Ut på tur :)

Søndag var me og mine foreldre på ein kjekke kjøretur.
Me kjørte om Oltedal, og der er det to butikker med garn.
Gjestal sitt garnutsalg hadde pynta flaggstengene sine :)



og inngangen :)



Manfolka var beint fram tolmodige den dagen,
og eg fekk god tid til garnkjøp!


Merilla er eit nytt bekjentskap, eit tynt og mjukt garn.
Gleder meg til å strikka sjal av det!


Den andre garnbutikken hadde Viking-garn.
Det eg har prøvd fra den kanten, har igrunnen skuffa,
men eg skal gi dei ein sjanse til ;)
Bomullsgarn med melkefiber såg og kjentes så bra ut.
Det skulle vera godt til klutar og, så nå skal det prøvast.

*

I dag har eg vore i byen (Stavanger).
Der traff eg ei dame eg ikkje har sett på 3 år,
og me hadde ein koseleg dag. 
Luksus å ha ein heil dag i byen uten å springa ærend, bare kos ;)
Me gjekk ein tur i Gamle Stavanger,
der blomstra det så frodig.



Det blei heller ingen garnhandel i dag ;)

*

Eg har meld meg på ein mysterie sjalstrikking.
Blei frista av Garnhekta, ho hadde lagt ut link og då var det veldig enkelt!
Men om det blir enkelt å strikka, det er eg ikkje sikker på.
Oppskrifta er sjølvsagt på engelsk,
og allerede nå er det någe eg lure på...
Ja, ja, eg må i alle fall prøva, så får me sjå koss det går.












fredag 26. april 2013

Småstrikk

Det er det eg driver med for tida, småstrikk.
Eit dokkesett til minste dokka eg har.
 Dokka er godt brukt og det er den jentene liker best å leka med.
Den har nesten ikkje klær, og då må eg gjera noko med det ;)



Eit par grytekluter har eg og strikka, det blir den sorten eg liker å bruka.
Mannen seier det er dei beste, dei er tjukke og gode.


Småstrikk kan vera så mangt. Sjekk denne linken
Så smått kan ikkje eg strikka, er imponert over at det går an!!

I dag var eg på matbutikken og handla og måtte bort i hylla for garn,
dei har forskjellig Viking-garn.
Eg bare måtte ha desse to nøstene. 
Nesten alle mine farger er
 samla i same nøste! Fine??? Det heiter Nordlys.
Rette farger er litt mørkere og djupare.


God helg!


Babyull, 35 gr
Pinne 3

Bommull sport, 119 gr
pinne 3,5









fredag 19. april 2013

Veka som gjekk...

Frå tysdag til i dag har eg og ei venninne vore på hytta.
Me har hatt det herleg med god mat, handarbeid og god prat.
Ein dag var været så fint at me gjekk ein tur,
og sanneleg fekk me sjå at våren er på gang.




Eg kan ikkje visa til mykje ferdig arbeid, sjølv om fingrane gjekk trutt.
Eit teppe som eg starta på lenge sida fekk nokre fleire ruter og
hardangerløperen blei klar til utklypping. 
Men ei cupcake-lue blei då ferdig.
Lillesnuppa på 6 mnd (les mora) hadde ønska seg den,
og då er ikkje mormor sein å be ;)


I dag kom eg heim til ein kjekk pakke,
mannen hadde vore så snill og henta den på posten i dag.
GA Strikkedesign på Ålgård skal slutta av og sel ut alt til ei bra pris.
Det kunne eg ikkje stå imot, og Smart er eit garn eg liker :)


Takk til alle som besøker bloggen min, 
ser at det er over 2000 som har vore innom, kjempebra :)
Ha ei god helg!


Mønster: Fra bloggen "Hanne`s kaker"
Garn: pt 5
Pinne nr 3,5
Vekt: 45 gr