mandag 28. mars 2022

Fra Ull til Votter

 Dei siste par åra har eg prøvd meg litt på å spinna garn.
Det var ei venninne, Sølvi, som kom på besøk og satte meg i gang.
Eg begynte med forgarn eg fekk av henne, spann på ein gammal rokk.
Etter kvart prøvde eg meg på ull.
Datter vår driv med sauer, og av dei fekk eg lammeull som eg vaska, karda og spann.
Det var både kvit og svart ull fra spælsau.



Eg fekk kardemaskin av mannen til jul. Med den er det enkelt å karda, og det blir fine kardeflak.




Då var nøstene klar for strikking.
Eg strikka kvar sitt par votter til dattera og mannen.
Sjølv om tråden ikkje var så jevn, gjekk det bra å strikka mønster.



Det er kjekt å spinna og veldig kjekt å strikka av tråd du har laga sjølv.
Mannen min spanderte ein E-spinner (elektrisk rokk) på meg, så nå øver eg meg på den. 
Eg kjøpte farga merinoull av Ullveig, blir spennande å sjå resultatet av det.





















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar