Har lenge tenk eg skal prøva meg på armstrikk.
Eg googla det og fann ein god beskrivelse på ein blogg.
Trudde eg hadde lagt den til favoritter, men eg finn den ikkje igjen,
så dessverre har eg ikkje link til sida.
Det gjekk veldig fort å lage denne halsen, og det var morsomt.
Den blei ikkje heilt perfekt, men sikkert nokon som kan bruka den.
Eg hadde garnet Big Trio fra Svarta Fåret liggande.
Det er eit tjukt garn, 3 tråder som er laust spunne saman,
så det passa godt til armstrikking.
Det ser nesten ut som garnet er vikla rundt halsen når det er så store masker...
Veit ikkje om det blir nokon suksess, men i messekassen skal den.
Ein hals i Big delight skal og i julemessekassa.
Der la eg inn litt flettemønster.
Den kunne med fordel vore lengre så den gjekk to ganger rundt halsen,
men eg hadde bare eit nøste.
Har sydd den vridd isamen, då ligg den finare.
Big Trio, 116 gr
Armstrikk
Big Delight, 98 gr
Pinne nr 5
*
I går var eg på Jørpeland og då fekk eg endeleg
tak i knappar til dei to barnejakkane eg har strikka i det siste.
Det er rart kva knappar gjer med eit plagg,
eg blei godt fornøgd med resultatet.
Fleire bilder i innlegget
HER og
HER
*
Kva synes dokke, er det bare eg som synes det er viktig å få
mønsteret beint på einannan når knappane syes i?
Det er rett og slett vondt å sjå fine jakkar som blir heilt skeive
når knappane er sydde feil på.
Heile arbeide blir trekt ned, tykkjer eg.
Har mange ganger hatt lyst til å be dei flytta knappane, men har ikkje våga.
Det skal så lite til for å få eit fint resultat.
Ja ja, det var dagens hjartesukk...
Ha ein fin dag folkens!