Eg måtte finna på noko anna då kofta ikkje blei som forventa.
Fant eit fint mønster på babyjakke, den strikka eg i 6 mnd.
Då kan den brukast i vinter.
Har strikka den i Baby Alpakka Silk, den blei mjuk og god.
Det mangler knappar ennå, eg legg inn nytt bilde når dei er på plass.
Ja då var knappane på plass, var dei ikkje søte?
Eg forelska meg heilt i desse små bamsane, og synes dei pynter jakken.
Eg blei veldig fornøgd!
Det blei nok garn til ei hua og. Snorene laga eg med Icord strikk
Denne fargen er nesten lik, støvblå.
Oppskrift: Viking Desig 1114
Drops Baby Alpakka Silk, 136 gr
Pinne 2,5 og 3
*
I dag har eg handla garn på Fortuna.
Viss du går inn på bloggen til Tante Ull, link ligg på venstre sida her i bloggen.
Der legg ho ut ein rabattkode du kan bruka i august og få 20% på alt garn!
Det har eg nytta meg av i dag :)
Ha ei god veke, veldig kjekt dokke ser innom!
Og tusen takk til deg som tar deg tid til å legga igjen ei helsing :)
Settet ser så herlig og mjukt ut. Liker godt både luemodell og jakka. Sjølv takk som er så flittig på min blogg! Koselig å halda kontakten på denna måten!
SvarSlettEit "tøft" gutesett til ein litten herremann. Fint med I-cordsnorer på hua! ja dette vert det kjekt å gje i gåve.
SvarSlettDette ser helt herlig ut, ser veldig mykt og godt ut :) så flink du e, nydelig sett
SvarSlettSå yndig! Jeg Har forresten også handlet garn på Fortuna med rabatt - rask og god service!
SvarSlettFlotte jakker og luer, dette!
SvarSlettOg strikkete snorer er det beste synes jeg :)