Som mange andre, har eg og skaffa meg den nye sokkeboka av Bitta Mikkelborg.
Blei positivt overraska, det var ei stor bok med 52 oppskrifter.
Her er det noko å finna for alle.
For ei tid tilbake, kom eg over oppskrifter på diverse bokmerke.
Dei var så stilige og måtte prøvast.
Eg har brukt diverse tynt restegarn og pinne nr 2.
Restegarn, 42 gr.
*
Andre par ut i mannesokkar er og ferdige.
Dei har eg strikka flettemønster på,
det treng vel ikkje alltid vera dei kjedelige grå til menn??
Mønster, eget
Garn, Robust, 122 gr
Pinne nr 3,5
*
I går gjekk eg og maen ein lang tur i heia.
Fyrst tok me ein runde i eventyrskogen før me gjekk videre oppover.
Her er nokre av figurane:
Nøkken låg og lurte...
Trollkjerringa stod med nasen fast ennå, stakkar...
Fantasifigur...
Dei tre bukkane Bruse skulle til seters...
Det var bratt på turen videre.
Flott utsikt over Årdal.
Me hadde ein flott tur, må nyta det fine haustværet me har.