onsdag 18. september 2013

Strikketreff

Det blei nokre trivelige dagar i helga med strikketreff på hytta vår.
Fem kjekke damer i forskjellig alder kom med strikketøy og godt humør.
Alder betyr ingen ting når me samlast om felles interesse,
sjølv om det var ca 25 år mellom den yngste og den eldste.
Praten gjekk livlig, latteren satt laust og strikkepinnane klirra i eitt!
Gode tips og nye teknikkar blei delt. 
Åshild hadde eit kurs for oss i dele arbeide i rett maskantall på armer og bolen,
veldig lærerikt, takk skal du ha!





Ein liten luftetur mellom bygene blei det og tid til.

Og så kom dei med flotte gaver til meg, masse herleg garn, te og sjokolade.
Sjå bare desse nydelege nøstene og hesplane...

Jaipur morbærsilke

Mirasol alpakka, Smart og...

Misti baby lama og Wollmeise

Tenk, alle desse skattane spanderete dei på meg!!
Det blir vanskeleg å finna noko fint nok å bruka dei til,
det må i alle fall vurderast skikkeleg :))
Det som er sikkert er at dei blir ofta tatt fram og klappa og kjent på!

*

Eg koste meg skikkeleg dei tre dagane me var saman,
kjem til å leva lenge på dette.
Håper me kan treffast igjen :)

*

To huer strikka eg på treffet, dei er til julemessa.
Ellers mens eg var på hytta strikka eg armane til genseren 
og begynte på eit par sokkar.


Jenta har malt seg fint i ansiktet ;)


Mønster, eget
Garn: Smart og Robust, 52 + 52 gr
Pinne nr 3,5














3 kommentarer:

  1. Dette var bare en helmaks og herlig helg!!
    Tusen takk til deg Wenche, som inviterte oss alle til den koselige hytten og som stelte i stand så god mat til oss!!
    Kjekt å se så fine bilder fra treffet :)

    SvarSlett
  2. Aller tiders helg! Heilt topp at du inviterte til detta! Du må kose deg og klemme med garnet - og så ventar me i spenning på kva du skal spøte/hekle!

    SvarSlett
  3. Høres kjempegøy ut.
    Flotte luer, og det blir spennende å se hva du får ut av det flotte garnet.

    SvarSlett