mandag 30. september 2013

Bokmerke

Som mange andre, har eg og skaffa meg den nye sokkeboka av Bitta Mikkelborg.
Blei positivt overraska, det var ei stor bok med 52 oppskrifter.
Her er det noko å finna for alle.


For ei tid tilbake, kom eg over oppskrifter på diverse bokmerke.
Dei var så stilige og måtte prøvast.



Eg har brukt diverse tynt restegarn og pinne nr 2.
Restegarn, 42 gr.

*
Andre par ut i mannesokkar er og ferdige.
Dei har eg strikka flettemønster på, 
det treng vel ikkje alltid vera dei kjedelige grå til menn??



Mønster, eget
Garn, Robust, 122 gr
Pinne nr 3,5
*

I går gjekk eg og maen ein lang tur i heia.
Fyrst tok me ein runde i eventyrskogen før me gjekk videre oppover.
Her er nokre av figurane:


 Nøkken låg og lurte...

Trollkjerringa stod med nasen fast ennå, stakkar...

Fantasifigur...

Dei tre bukkane Bruse skulle til seters...

Det var bratt på turen videre.



Flott utsikt over Årdal.

Me hadde ein flott tur, må nyta det fine haustværet me har.







10 kommentarer:

  1. Eit sokkepar i veka - heilt år!! Skikkelig god årbok detta! Eg håpe å få ta ein kikk i Sølvi si bok, snart! Den eventyrskogen, sku eg likt å besøkt. Så flott tiltak både for barn og vaksne!

    SvarSlett
  2. For eit flott tur område du har rundt deg, både naturen og figurane! Sokkane er supre, pyntar opp med flettene. Har og kjøpt boka og gledar meg til å ta den i bruk.

    Likte dei bokmerkene med små vottar på ei snor!

    SvarSlett
  3. Hei.
    Så nydelige ting du strikker. Strikker du på bestilling også?

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

      Slett
    2. Takk for det :) Eg strikker på bestilling når eg har tid.
      Kjenner eg deg?

      Slett
  4. Hei, tykte dei bokmerkene med vottar og sokker var så fine. Fins det oppskrift?

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det :) Dei små sokkane og vottane blei til ettersom eg strikka. La opp 20 masker på begge. Dei lange sokkane har eg oppskrift på. Ta kontakt om du vil ha den.

      Slett
  5. Hei, ja vottane klarar eg nok, men dei lange sokkane vil eg gjerne ha oppskrift på. Skal eg sende deg e-postadresse eller - er litt ny på blogging, veit ikkje heilt kva du treng....

    SvarSlett
    Svar
    1. Kan du senda adressa di til meg på mailadr. mi: wjdale.hotmail.no. Eg kan ikkje scanna, så eg sender det til deg i posten.

      Slett
  6. Anne kristin Rødal, Dalsvn 25, 7374 Røros.
    Takk skal du ha!

    SvarSlett