Snakk om å gå med håve under armen!
Eg fekk spørsmål om å strikka ein genser som skulle vera modell på butikken.
Det hadde eg lyst til og satte i gang fort og gale,
dei var annige på å få den ferdig.
Eg hadde strikka bolen då eg kom til å sjå i posen etter meir garn.
Og skrekk og gru, der låg pinnen eg skulle ha brukt!!
Eg hadde klart å strikka med den minste, nr 8 som skal brukast i halsen,
og den andre er nr 12! Kunne ikkje tru at eg hadde strikka før,
men ein liten unskyldning er at eg hadde strikka med pinne 2,
og då føltes nr 8 tjukk i hendene...
Det må jo vera rett på ein modell som skal henga på utstilling,
men eg slapp å rekka opp.
På fredag kom nytt garn i hus, og den første kjøper forreninga til gevinst på julemessa.
Heldigvis blei det ein annen farge ;)
I dag har eg montert den ferdig.
Det går fort med tjukk pinne og dobbelt garn ;))
Nå skal eg i forrening, og då får eg legga opp til arm på den grå genseren.
Rillestrikk er greit å strikka når praten går :)
*
Takk til dokke som besøker bloggen min og legg igjen ei helsing,
det er veldig koseleg :)
Mønster fra Du Store Alpakka
Garn, HEXA, 625 gr
Pinne nr. 12 og 8
Godt at det ikkje var mønstret kofte!! Du fikse jo to fine gensrar og ingen sture! Eg må berre sei at det skal bli så utruligt kjekt med eit "snelletreff" i helga!
SvarSlettOj, tror nok jeg ville fått litt hjertebank, godt at du slapp å gjøre om igjen da :) en pen genser du har strikket, ser så god og varm ut :)
SvarSlettKjedelig med sånne tabber, men ikke dumt å like godt lage to!
SvarSlettVar forresten en kjekk genser -helt sikkert lun og god en kald vinterdag :)