torsdag 29. august 2013

Lava Flow

Denne gang gjekk det greit, det blei nok garn og vel så det.
Halsen Lava Flow legg seg fint rundt halsen med møbius vrien.
Den er sydd samen, så egentleg er det møbius-juks... ;)
Flettemønsteret i kanten pynta opp.
Eg strikka den i tynnere garn enn oppskrifta,
og då blei flettene litt smale, kunne tatt fleire masker i fletta ser eg nå.




Det var garn til overs, og då blei det eit par pulsvarmerar.
Strikka dei utfra mønsteret på halsen, og dei blei sånn.



Fargen var umulig å få rett.
Den er mørk plommerød, ikkje lilla.

Mønster, Lava Flow
Garn, SKY fra Du Store Alpakka, 48 gr og 23 gr
Pinne nr 3,5

Ja, og så var det 2 klutar sidan sist ;)
På Stoff og Stil fant eg eit bomullsgarn eg likte veldig godt.
Det var godt å strikka med og mjukt.
Det gjenstår å sjå kossen det er etter vask.


Oppskrift: Hegg og Falsk patent
Garn: Timeless cotton, grøn 41 gr og Mandarin naturell, kvit 50 gr
Pinne nr 3

I dag har eg vore flink og både mala litt og vaska ut til helga.
Me får besøk av yngste datter med familie i mårå.
Det gleder eg meg til, blir ikkje så ofte me ser dei to småjentene deira.
Minstajentå er 10,5 mnd, og det skjer så mykje i den alderen.
Ho går når ho held seg i gåbilen allerede :)

*

Øsker alle som besøker bloggen min ei god helg!

4 kommentarer:

  1. Som alltid nydelige arbeider fra deg! Moebiusen var stilig med flettene i kanten. Kjekt å ha fine pulsvarmere som matcher ;)
    Kjekke kluter også.

    SvarSlett
  2. lekkert og berre lekkert!! Både fargar og arbeid!

    SvarSlett
  3. Det var eit flott sett, moebiusen og pulsvantane. Fint mønster og fargen er fin, sjølv om det er så vanskeleg å få rette fargen på bilda.
    Klutar er det alltid bruk for og dei du strikkar er fine!
    Ønskjer deg ei fin helg og kos deg med familien!

    SvarSlett
  4. Så flott et sett du har laget Wenche, det ser så mykt og deilig ut, hmmm, kluter ja, ga meg litt inspirasjon du no - så kjekt med småarbeid innimellom :) takk for titten, så må du ha ei riktig god helg du også, og hjertelig takk for trivelig ord Wenche :)

    SvarSlett