lørdag 22. desember 2018

Jakke nr 2 ++

Me har eit barnebarn som elsker alt som er mjukt,
og desse jakkane blei mjuke og lette. 
Denne har eg strikka med ein tråd tynn lammeull 
som eg har farga blå og ein tråd børsta alpakka.
Har strikka den i str. 12 år.






Eg har fått bestilling på herrevotter i det siste,
det eine paret skulle ha tomler på begge sider.
Det er første gang eg har strikka det, men det var vel vanleg før i tida.



Me har ei rund nakkepute, og på den var trekket heilt utslitt.
Eg strikka ei ny med enkelt mønster i eit bomull-merino garn.


I ei gruppe på Ravelry var det ei som arrangerte advent-byttekalender.
Me bytta gaver til dei 4 søndagane + julafta.
Av min byttevenn har eg fått fint garn + fleire kjekke ting, 
kjekt å få garn eg ikkje har prøvd før.
I morgon er det søndag og ny pakke, veldig kjekt!




*

I juletreskogen vår fekk me så koseleg besøk her ein dag.
Han sprang rundt og delte ut klementiner til barna som kom og ville hogga juletre.



*

Vil med dette ønska dokke alle ei fredfull og god jul!