Tilfeldig kom eg over ein samstrikk på Raverly.
Det var teppe, Norsk Sommer, av Torirot Design.
Eg melde meg på, teppe var perfekt å strikka av restegarn, det har eg plenty av!
Garn eg har farga sjølv fekk eg og brukt.
Synes det er eit veldig fint mønster, det er reine blomsterenga.
Det var veldig spennande å strikka dette teppe, bare ei mønster til,
bare ei mønster til..., eg blei heilt hekta!
Og me strikker med bare to fager om gangen, eg lærte nokre nye tips her og.
Eg er godt fornøgd med resultatet, og nå tenker eg på om eg skal starta på eit til.
Det er passe stort til å slenga over fanget, det treng ikkje vera til baby.
Mitt blei 115 cm i diameter.
Fristen er 1. okt, så det er ennå ikkje for seint å delta.
Div restegarn, mest Ask og Opal
450 gr. Pinne nr. 3,5
*
Takk for dokke ser innom her, fortsatt god sommar!



























