Eg skulle jo montera kofta, men så kom det fine været.
Då blei det heller strikking på noko småtteri i sola.
Først gjorde eg ferdig eit par sokkar som eg har hatt til gå-bort-strikk.
Dei er svarte, ikkje grå, og garnet heiter Fjell sokkegarn fra Hifa.
Det er det verste garnet eg nokon gang har vore borti!
Snakk om hampetråd, det var så stivt og fælt å strikka med
at det garnet kjøper eg aldri meir.
Kjøpte det på nettet, så eg fekk ikkje kjenna på det før eg handla.
Fjell sokkegarn, Hifa, 149 gr
Pinne 3,5
Ein klut er grei å strikka mens eg er på besøk ;)
Garn: Mor Aase, 49 gr
Pinne nr 3,5
Eg fekk bestilling på eit par tøfler, og dei blei ferdige i dag.
Garn, Silja, 48 gr
Pinne nr 3,5
*
Men eg har begynt på monteringa av kofta i dag.
Fekk sydd alle maskinsømmane og maska samen skuldrene.
Det fine veret har me fremdeles, så fort går det ikkje.
Sola må nytast, det er så herleg!
I går gjekk me ein god tur og tok middagen ute.
Gubben diska opp med egg og bacon :)
(og sprer klær og posar utover ;)
Flott utsikt mot Stavanger.
*
Ønsker alle ein fin og solrik kveld :)