søndag 18. april 2021

Vertices Unite Sjal & Strikk til Veldedighet

 Endeleg er det blitt eit Vertices Unite Sjal  på meg, 
det har eg lenge hatt lyst til å strikka.
Eg har satt samen diverse garnskatter og farger,
 og eg blei godt fornøgd med resultatet.
Sjalet var kjekt å strikka.



*

I det siste har eg strikka mykje til veldedighet 
og fått brukt opp ein del av dei enkle nøstene som bare ligg der og tar plass.
Det er kjekt å få nytta det til noko fornuftig.
Først var det til Amandaprosjektet der eg strikka teppe og huer.
Etter sist innlegg om dette har eg strikka 2 diamant-teppe.
Dei er til dei aller minste for tidleg fødte.
 4 huer og eit par sokkar til har det og blitt.
Nå var det fulle lager på SUS, så det blir pause i Amanda-strikk.






Men på kreftavdelingen hadde dei tomt for huer, så då strikka eg for fullt før påske.
Eg fekk levert 10 huer i forskjellige størrelser til voksne.


*

Eg fekk bestilling på ein vest til ein liten gutt.
Oppskrifta fann eg på Drops, den heiter Vest is Best,
og eg strikka den i blått Bamboo garn.
Eg liker ikkje at det blir for tett i halsen, så eg laga den litt meir utringa.
Denne skal eg strikka fleire av.













lørdag 27. februar 2021

Ferdige prosjekt i januar & februar

 Dattera kom heim med ein pose garn og ei oppskrift, ho ønska seg ein vest.
Det var første prosjekt eg la opp i år, og det tok meg 4 dagar å strikka den.
Garnet var Drops Air og pinne nr. 7, så det gjekk fort å strikka 
sjølv om det var patentstrikk. Det er ikkje den kjekkaste teknikken eg veit,
så eg var glad det var ein vest uten armar!
Den strikkes ovenfra og ned og blei sydd saman i sidene.



*

Det neste på pinnane var ein jakke til meg sjølv, Summer Evening Cardigan.
I haust var eg på Telespinn, og der kjøpte eg Marigarn, eit deilig mohairgarn fra geit.
Jakken har eit holmønster på bærestykket og langs sidene og under armane.
På grunn av mohairen viser mønsteret litt lite, men jakken blei fin på meg.
Fargen er blåere enn på bilde.



*

Eit vennepar av oss er blitt besteforeldre, og då hadde eg lyst til å strikka noko til veslejenta.
Det blei eit sett med jakke og bukse. Jakken er Eldon fra eit hefte til House of Yarn.
Buksa fann eg i eit gammalt Sandneshefte. 
Eg la inn litt av mønsteret fra jakken i sidene på beina.
Garnet er Gjestal merino Babyull og størrelse 1 år.




*

Eg strikker fortsatt til Amandaprosjektet og har noko ferdig,
men det får koma i eit seinare innlegg.











fredag 29. januar 2021

Linneasjal - Adventmysterie

 Det er kanskje på tide å blogga om mysteriestrikken eg var med på i advent.
Gro Tveitstøl, i podcasten "Bare en Maske til", designa eit sjal som dei hadde samstrikk på.
Me fekk litt av mønsteret kvar tredje dag i desember,
og lille julafta strikka eg det ferdig. Garnet er rein merino og eg farga det sjølv.
Det er spettet med lys grå og litt rosa.




*

Eg fekk bestilling på sokkar av ei ung dame.
Eg strikka eit enkelt mønster, Thuja, til henne, 
og dei lika ho så godt at ho ville ha to par til.





*

Eit teppe til Amandaprosjektet har eg og fått ferdig.
Hadde 3 farger, Lys brun, mintgrønn og lys blå, i Baby merino som blei bra saman.
Hekla ein kant med krepsemasker rundt for å skjula trådspranget i eine sida.


Det var samstrikk på dette prosjektet på to podcaster som eg deltok i,
og tenk, eg vann på begge!
På den ene vann eg ein fin stikkepose og på den andre fekk eg 4 strikkemarkører.
Snakk om å vera heldig!










torsdag 31. desember 2020

Amanda-prosjekt

I år har eg nesten bare strikka med garn fra garnlageret mitt.
Eg handla litt når me var på tur i sommar og i høst på Telespinn,
og eg har fylt på med litt sokkegarn. Men elles har det gått fra lageret.
Podcasten, Indigo i Grønn, har ein samstrikk på å strikka til Amandaprosjektet.
Og sidan eg hadde rester og enkle nøster av babygarn liggande,
passa det godt å vera med på den. Det er godt å få brukt opp garnet til noko fornuftig.
Eg har strikka 6 sett med hua og sokkar og eit teppe med hua som står til.
Nå strikker eg eit teppe til, men det blir ikkje ferdig i år.







*


*
Eit sitteunderlag i rester av Fritidsgarn, strikka eg før jul




*

Då var me kome til siste dagen i 2020. Det har vore eit rart og annerleis år, 
men me har vore heldig så lang og fått vore friske.
Nyttårsafta blir ikkje som me hadde tenkt, ser ut som me blir alleina, men det skal gå bra.
Me får håpa det nye året blir betre.
Ønsker alle som ser innom her eit godt nytt år!








 

fredag 18. desember 2020

Slipstravaganza Sjal av Stephen West

 Dette sjalet er det lenge sidan eg var ferdig med, har heilt gløymt å blogga om det.
Det var ein mysterie-samstrikk som Stephen West arrangerte.
Det er spennande når ein ikkje veit korleis det blir, me fekk ein del i veka i ein måned.
Det er det første sjalet av han eg har strikka,
men eg har to bøker av han, så det blir nok fleire.
Garnet har eg farga sjølv og det er tynn lammeull.
Fargane er vanskeleg å setja saman når ein ikkje kjenner mønsteret,
men eg er godt fornøgd med resultatet.


1. del

Bonusdel + "2. del

3. del

FERDIG



Sjalet var veldig kjekt å strikka, sjølv om det var over 900 masker på siste omgangane!

*








lørdag 5. desember 2020

Petra-kofta av Gerd Auestad

 Eg fekk spørsmål om å strikka ei kofte for dattera,
ho skulle gi den i julepresang.
Så då var det bare å setta i gang.
Det blei Petra-kofta, synes det er eit fint mønster.
Den blei fin i desse fargane, er djup burgunder, ikkje lilla.



*

Eg fekk fleire oppdrag.
Mor hadde lyst til å gi eit par votter i julegave,
så då blei det eit par Sydanmaa Mittens til ho.
Så har eg eit barnebarn som også måtte få seg nye votter.
Desse er så gode på handa, liker når de sit tett på.



*
I år er eg med på ein bytte-advendskalender.
Eg har sendt 5 pakker til Norway-Kate (Katedesign)
og ho har sendt til meg. Ein pakke til kvar søndag i advent og ein til julafta.
Her er den første pakka opp, spennande!


*

Ønsker alle ei fin adventstid!



















onsdag 11. november 2020

Oslogenser og Retrojakke

 Då var det på tide med ei oppdatering, eg ligg etter med blogging.
Eg har hatt ein pose med Sterk garn liggande i fleire år, så nå var det på tide å få brukt det.
Det har ikkje blitt mykje strikk til mannen min, foruten sokkar då, så nå var det på tide!
Fant ei oppskrift som passa til garnet, Oslogenser, i heftet Norske ikoner fra Sandnesgarn.
Den er i to farger, men eg tok med litt av ein mørk blå, synes det friska opp.



*
Eldste dattera hadde strikka bolen til Retrojakken, så blei den liggande.
Då tilbaud eg meg å strikka den ferdig.
Ho er veldig flink med farger, og denne jakken var kjekk å strikka og blei kjempefin.
Knappane er kome på seinare, dei blei gule.
Stripene er i mørk lilla.


*
Barnebarnet som ønska seg hua, hadde bruk for nye votter og.
Eg fann ei gratis oppskrift på Ravelry, Sydanmaa Mittens. 
Dei var veldig gode på fasong, likte godt tommelkilen.
Kjem til å strikka fleire av desse, og mønsteret passa godt til hua.
Strikka dei i ein tråd Merino og ein tråd Silk Mohair på pinne 3,5.
Ho har snart bursdag, så dette blir ein del av presangen.





Eit par Cloudburst til har eg og strikka.
Desse skal ei datter få.




Eg har meir som er ferdig strikka, men det får koma neste gang.