Innimellom kåpestrikking har eg hatt eit sjal på pinnane.
Ka`ana sjalet er eit enkelt TV-strikk til å slappa av med.
Eg liker fasongen på det, det er ikkje for bredt
og kan brukast både som sjal og skjerf.
Har strikka eit tidlegare i eit fargerikt garn,
mønsteret kom betre fram på dette einsfarga garnet.
Her er fargen rett.
Det er kjekt å strikka dette sjalet, det blir heilt sikkert fleire.
Trur dette blir ein presang.
Mønster: Ka`ana Sjal
Garn, Drops Baby Alpakka Silk,
Pinne nr 3,5
*
Kåpa går det framover med.
Den er ferdig strikka og montert,
det er bare siste finishen som er igjen, men det tar litt tid ;)