Votter er ikkje det kjekkaste eg strikker, men nå er det blitt 5 par rosevotter!
Ikkje verst det til å vera meg.
Ei av døtrene våre hadde ikkje fått votter til jul,
så det måtte eg fiksa på nå. Kan ikkje gjera forskjell.
Dette blir det siste paret... trur eg....
Fargane er lys grått og lilla, ser ut som grått her.
Mønster fra Strikkeboka av Gerd Fjellanger
Garn, Hifa Ask, 58 gr
Pinne nr 2,5
*
Settet til dokka er og ferdig.
Det blei eit par votter til den og foruten hua og sokker.
Storesøster fekk og sokker og votter til dokka si.
Det blei sendt i posten til jentene, storesøster fekk votter til seg sjølv og.
Eg fekk koselege bilder av fornøgde jenter :)
Garn, Babyull, 40 gr
Pinne nr 2,5
*
Til jul fekk eg ei kjekk strikkebok.
Det var Strikkesidas favoritter, masse forskjellig i denne.
Og Rigmor, veldig kjekt å sjå deg og den fine puta di i boka!
*
I dag er det godt å sitja inne med fyr i ognen,
kaffi i koppen og trikketøyet på fanget.
Det bles godt ute, men det er mykje verre ved kysten.
Er glad me bur i innlandet slike dagar.
God helg!
Delikate fargar på vottane!! Det er veldig fint å gleda barnebarn med strikk til dukka. Monge trur det er ein lettvint sak, men me fleste veit at det er putl å få da fint til med slik småstrikk!
SvarSlettNydelige votter i herlige farger, kjempeflott dukkesett, det er jammen mye arbeid på slike småting!
SvarSlettSkjønne votter i harmoniske farger!
SvarSlettDukkeklærne er kjempefine. Absolutt mye plukk med slike småarbeider ;)