Eg er visst beten av garnfargebasillen og må
innrømma at eg har fått dillå, det er bare så kjekt!
Du veit aldri korleis resultatet blir, så det er spennande
å prøva forskjellige fargekombinasjonar.
Det er konditorfarger eg har brukt til denne tid.
Problemet er at det blir mykje garn, klarer ikkje strikka opp alt sjølv.
Nå har eg fått sjangsen til å selga på eit marked, spennande!
Då måtte eg få eit system på hesplane og fargekomboane mine.
Det starta med eit kaos...
Nokre timar seinare såg det betre ut.
Og då var det klart for avlevering.
*
Nokre par manfolksokkar er og komen i korga til julemessa.
Ola garn, 215gr
Sportsragg, 260 gr
*
Tusen takk for gratulasjonar og koselege kommentarar i forrige innlegg!
Veldig kjekt å høyra fra dokke :)
Så fine farger. Jeg har farga mye, men ikke med konditorfarger. Må prøve det.
SvarSlettSå gøye fargar du har trylla fram. Vonar hesplene blir solgt fort! ?`! Og lubber er eit must når kulda setter inn! God helg, til deg og ;)
SvarSlettSå mykje fint garn du har farga, håper du får solgt det.
SvarSlettGode labbar er det alltid bruk for, så desse får nok bein å gå på. Eg er imponert over kor produktiv du er!
Åh, for ei dropshylle det var hos deg da, så masse lekre farver. Får til alt du :) gode labber du har strikket også - kos å se blogg hosdeg igjen. Høres spennende ut med marked da, håper du får solgt masse!
SvarSlett