tirsdag 7. mai 2019

Q-Symre Kofte

Yngste dattera ønska seg ny kofte. 
Ho fann mønsteret til Q-Symre kofta og kom med Lille Lerke garn.
Det er eit mjukt garn i blanding av merinoull og bomull.
Eg starta på den i påsken og var ferdig med monteringa på fredag.
Det passa godt, då ho kom heim den dagen.
Det er alltid spennande om plagget passer, og kofta satt fint på henne.
Eg strikka den litt høgare bak, det stod ikkje i mønsteret, men det blir finare i halsen.
Knappar skal ho ordna sjølv. Ho blei godt fornøgd.



Været har vore veldig skiftande i vår, 
fra sommarvarme og blomstrande buskar i slutten av april,
til snøvær i mai. Men det er vel normal vår her i landet.
Håper på varmare vær snart!







2 kommentarer:

  1. Knallfine kofte/jakke! Digge fargane! Blir garantert brukt mykje. Utrulig kor mykje fine blomar som "poppar" fram nå. Vonar og me får varmen att!

    SvarSlett
  2. Det er en nydelig kofte du har strikket!
    Været kan vi jo ikke gjøre så mye med, men jeg satser på en strålende sommer med mye sol og varme!

    SvarSlett