tirsdag 2. juli 2019

Juvelgenser

Då har eg slått meg på trenden å strikka med mohair.
Eg kan ikkje seia at det var ein fornøyelse.
Eg strikka med to tråder Erle garn i to forskjellige rødfarger på pinne 5,5,
det er i tjukkaste laget for meg, og garnet loer så veldig.
Men dattera mi har fått genseren ho ønska seg.
Den blei mjuk og god og lett som ei sky.
Oppskrifta til Juvelgenseren stod i ukebladet Familien, og designer er 
Anita Brathetland.



To par raggsokkar har eg strikka innimellom,
det er avslappande strikk. 
Det eine paret strikka eg i vaffelmønster i eit garn eg ikkje har prøvd før,
Dale Hakkespett. Det andre er i Perfekt.






1 kommentar:

  1. Nyyyydelig farge! Den blir garantert mykje brukt. Flotte! Finfine sokkar og!
    God sommar!

    SvarSlett