Ja, eg er tilbake, strikker for fullt igjen :)
Det er såååå godt å bruka strikkepinnane igjen,
sjølv om det bare var ei veke uten!
Så den siste veka har eg produsert litt.
Har laga fleire av modellane som står i Småstrikk fra Familien.
Men eg har gjordt min vri på dei ;)
På vottane har eg strikka ugla fram og tilbake, men vottane er strikka rundt,
ein teknikk som Sølvi la ut på gamle trådsnella.
Eg hadde litt problem med å få det fint i eine sida, må tvinna trådane i kvar side.
Men nå får det bli som det er.
Garn, Gjestal Babyull, 71 gr
Pinne nr. 2,5
Dette pynteskjerfet skulle haldast samen med ei nål,
men eg laga knapphol og sydde i knapp.
Det er til julemessa og eg har ikkje nåler å selga ;)
Garn, Sandnes Alpakka, 50 gr
Pinne nr. 3
Eit par til av desse tøflene, denne gang strikka eg mønsteret som det skulle vera.
Garn, Silja, 51 gr
Pinne nr. 3
*
Eg har hatt ei veke "ferie", var hjå yngste datter nokre dagar.
Me feira yngste snuppa vår sin 1 årsdag. Tida går jammen fort!
Resten av veka var me på hytta.
På turen tok eg nokre høstbilder, det er nydelege fargar for tida.
Desse er tatt på ferjekaien på Jelsa.































