onsdag 3. april 2013

Klær til Dokkelise :)

Nå er det på tide med ein oppdatering.
Påsken har vore fantastisk flott, strålande sol kvar dag,
men gradene har ikkje vore mange.
Me har kost oss på hytta, har hatt besøk av slekt og venner og vore litt på farten.
Strikkepinnane har ikkje hatt heilt ferie, har fått til nokre små plagg til dokka.

Men det første eg gjorde etter jakken var ferdig,
var å ta fram haugen med sokkar som trong å stoppast.
Eg er vel snart den einaste som stopper hola i sokkane,
men når mannen i huset slit veldig på dei, 
er det raskare å sy samen hola enn å strikka nye.
På to par klypte eg av foten og strikka nye, dei gamle listene var like gode.
Den jobben hadde eg grua meg lenge til, herleg når det er gjordt.


Etter det har eg bare kost meg med strikketøyet og laga dokkekler.

dokk


Dette settet med strekkbukse og genser skal i garderoben til ei dokke som er basargevinst,
me skal ha basar på lørdag.


Denne capen er og til basardokka.
Det er ikkje den finaste fargen på capen, men eg bruker av det eg har.


Barnebarnet vårt skal og få kler til dokka si.
Seleskjørt med bluse er ferdig, strømpebukse og jakke kjem etterkvart.



Dette settet har snuppå alt fått. Det er likt det eg strikka til jenta tidlegere i vinter.
Du kan sjå ullsettet Her


Snuppå blei veldig fornøgd når dokka blei så fin ;))


FAKTA SOKKER:
Garn: Labbetuss og Robust
Pinn 3,5
Vekt: 76 gr og 64 gr


FAKTA DOKKEKLER
Mønster: Målfrid Gausel
Garn: Diverse babyull og Sandnes mini-alpakka
Pinne 3
Vekt: 68+51+63+88 gr








2 kommentarer:

  1. Hei! Ja, her går pinnane varme. Såååå monge fine dukkeklær du har spøta!! Måtte ei(n) verdig vinner, vinna! Altså så vett å setja pris på desse forseggjordte dukkeklærne. Lur måte å "bøta lobbene" ;)

    SvarSlett
  2. Så mye fint dukketøy du har strikket!
    Synes jeg kjenner igjen Gausel sine modeller, ja ;)

    SvarSlett