søndag 7. april 2013

Vinnerlukka!


Då var heile settet til dokka ferdig med strømpebukse og jakke til.
Det er så mange fine mønstre i bøkene til Målfrid Gausel.
Eg har planar om fleire sett, men ikkje til Snuppå vår, 
for tenk ho vant dokka med garderobe i går!


Tenker jenta blir fornøgd når ho får dokka med masse klær, kjørepose har ho og.
Gleder meg til å sjå fjeset hennar då ;))
Me må kanskje ta oss ein tur til Nedstrand igjen (har nettopp vore der).

Men dette settet har eg strikka til "babyen" hennar, den er mindre enn dokka som er modell.




Og eg har meldt meg på ein ny along igjen, det er Zirkona som er primus motor.
Denne gang skal me strikka Sanquhar mønster, kjempekjekt! 
Eg har lagt opp til eit par sokkar.


Nå må eg komma meg under dyna, kjenner det er på tide nå.
God natt!


Oppskrift: Målfrid Gausel
Garn: Emilie Babygarn
Pinne 3
Vekt: 68 gr

3 kommentarer:

  1. Jammen bra gjordt å la den verdige/heldige vinnar koma i familien! Stilig! Ser du er byrja på alongen - det skal snart eg med! Tjo hoi!!

    SvarSlett
  2. Ei superheldig jente som både vann dukke med garderobe og som har ei bestemor som strikkar så fine klær til babyen hennar. Gleder meg til å sjå kva som kjem ut av snquhar-strikkinga di!

    SvarSlett
  3. Helledussen, så skjønt sett du har strikket!
    Og gratulerer med gevinst til den heldige vinneren :)

    SvarSlett