fredag 15. mars 2013

Tadaaa... Klokkejakken er fredig!!!

Endeleg kan eg  ropa hurra eller jippi eller..... ja nå er eg glad!!
Denne jakken var litt av ein jobb å strikka, 
kunne sikkert ha strikka to vanlege jakkar på same tida!
Det kjendes godt i armar og skuldre og, så det er godt å vera ferdig.
Men du så kjekt det er når resultatet er så bra, eg er kjempefornøgd med den.
Nå blir det i alle fall ny jakke på venninna mi til påske.
Håper bare den passer og at ho blir fornøgd.


Mønsteret heiter Canterburyklokke. 
Jakken er open uten knappar, stolpen er strikka dobbel.
Armane er rett nedfor albuen, heiter det halvlange?
Fargen er mest lik på bilde med heile jakken.


FAKTA
Strikka for Oddrunn
Garn, Sandnes mini duett
pinne nr. 3
473 gr.

Og i dag låg boka "Moderne norsk strikk" i postkassen.
Det var mange fine modeller, faktisk fleire eg kunne tenkt å strikka.
Mange fine mønstre går det an å bruka til andre ting og.
Angrer ikkje på den boka.


Tusen takk til dokke som ser innom her, setter pris på kommentar fra dokke :)
Ha ei god helg!







3 kommentarer:

  1. WOW!!! Ja denne kan du jammen ropa hurra for! Men det må jo vera fælt å måtta levera frå seg eit slikt prydplagg!
    Mønsteret har eg aldri sett, men det var nydeleg.

    SvarSlett
  2. Å så lekker! Nydelig arbeid og flott mønster! Boka ser spennande ut.

    SvarSlett
  3. Jakken er bare helt nyyydelig!!
    Helt fantastisk at du gir fra deg et så vakkert plagg :D
    Jeg har også kjøpt boken du viser -alltid kjekt å ha litt å hente inspirasjon ifra!

    SvarSlett