mandag 10. juli 2017

Feriestrikk

Me har hatt ein fantastisk tur til nordnorge i sommar, var på reis i 3 veker.
Det blei både Lofoten og Senja før me vende nasen sørover igjen.
Sjølvsagt hadde eg strikketøyet med. Eg hadde utstyrt meg godt,
kunne ikkje risikera å gå tom!

Dette sjalet, Serenity, starta eg på 
på turen til Praha ei veke før me reiste nordover.
Då blei det ikkje strikka mykje, men det blei ferdig på denne turen.
Eg har gjort min eigen vri på det.
Garnet har eg farga sjølv, eit Arwetta hespe som er med prikker i blått og grått,
og eit som er einsfarga grått. 




Det blei strikking i bilen og. Me hadde ein høg og god bil og då gjekk det godt.
Det måtte bli noko enkelt med bare rettstrikk, så det blei 6 klutar.


Etter sjalet var ferdig, starta eg på ein barnegenser.
Mønsteret er Flax Light, eit gratismønster på Raverly.
Den er eg kome godt i gang med.


Mønster: Serenity, Rachel Booker
Arwetta, selvfarga, 78 gr
Pinne 4

Bomullsgarn, Pandora og Mor Aase, 306 gr

*

På Senja var me på eit lite marked. 
Der fann eg eit par strikka hansker i Senjamønster med Senjagarn,
så dei bare måtte eg ha. Det var den einaste souverniren eg kjøpte meg.
Ikkje blei det mykje garn heller, kun ein garnbutikk var me innom
og det var på Husfliden på Røros.
Der fann eg nokre nøster forsterkningsgarn til sokkar.





*

Naturen nordover er heilt fantastisk og det blei knipsa mange bilder.
Spesielt fjella og dei kvite strendene er flotte, og det blomstra så flott overalt.
Det var gule teppe av Tiriltunga langs vegkanten
 og i Lofoten blomstra rognebærtrea overalt, til og med i hagane.
Men det var ikkje store tre slik som her, det var meir tette busker.
Svært få gardar blei drivne lengre og det var blomstene 
som hadde teke over på ekrene, det er ei trist utvikling, men eit flott syn!

Tiriltunge

Rognebær
Smørblomst på ekrene innover langs fjorden.




*

Vividteppe mitt har eg endeleg fått sydd saman, men det får koma i neste blogg.

Fortsatt god sommar til dokke som er innom her!






mandag 5. juni 2017

Trultekjole og Samstrikk

Dette kjolemønsteret synes eg er så fint,
og når det kom ei lita jente hjå nokon me kjenner,
var det ikkje vanskeleg å velga kva eg skulle strikka.
Mora er glad i farger, og eg fann garn eg hadde på lager, Hverdags garn.
Det er blanding av ull og alpakka, mjukt og godt.
Kjolen er str. 9 mnd.


Trultekjole
Hverdags garn, 120 gr
Pinne 2,5 og 3

*

I helga starta eg på eit nytt arbeid, og eg er heilt hekta!!
Det blir bare ein omgang til, bare eit mønster til...

Det er ein samstrikk på Ravelry på ei gruppe som heiter Garngleder,
og me strikker eit lite teppe av Tori Seierstad, Norsk sommer, Blomstereng.
Det er eit perfekt restegarnsprosjekt der du kan bruka alt fra små rester til enkle nøster.

Det er to damer fra trøndelag som har ein podcast samen,
og dei har starta samstrikken. Dei vil gjerne ha fleire med,
så har du lyst til å vera med kan du inn HER og melda deg på.
Podcasten finn du HER.

Mitt teppe blir ein blanding av fleire garntyper.
Eg har mykje Ask og ein del sjølvfarga garn eg kan bruka.



mandag 29. mai 2017

Across The Pond Sjal

I fjor sommar var eg på Hegra i Trøndelag på strikketreff,
og der kjøpte eg ein hespel nydeleg Cashmere garn.
Det er så mjukt og herleg, så det måtte bli eit sjal.
Eg fann eit som er smalt, liker å bruka dei som skjerf.
Det blei lett som ei sky og så deilig rundt halsen.
Ennå er det litt garn igjen, håper det er nok til pulsvanter.




Cashmere, Lothus Yarns, 40 gr
Pinne 3,5
*

Eit barnebarn er glad i strikka sokkar. 
Han veks fort og trong nye, så eg strikka eit par i Opal.
Gubben og slit på sokkane sine, han bruker dei heile året.
Eit par i eit fint Holst Highland garn blei det til han.




Opal, 41 gr
Pinne 3
Holst Highland, 64 gr
Pinne 3,5
*

Når eg slapper av med strikketøyet, liker eg å høyra på strikke-podcast.
Ein av favorittane er Nørdic Knitting, det er to svenske damer som 
prater om alt om strikking. 
Dei tar med masse strikkehistorie fra forskjellige land,
den siste podden handler mykje om norsk vottestrikk.
Anbefaler dokke å ta ein tur innom HER



tirsdag 16. mai 2017

Ullbukse

Det har blitt meir strikk til butikken, 
denne gang ei tøff ullbukse str. 2 år.
Garnet er DSA Sterk, det er bare så herleg og mjukt,
eit behageleg plagg å ha på seg i leiken.


Mønster i DSA 47
Sterk, 147 gr 
pinne 3 og 3,5

Det var garn igjen etter skjørtet eg strikka, det måtte eg nytta.
Eit par pulsvanter og pannebånd blei det.


Sandnes Merinoull, 87 gr
Pinne 3,5

*

Utruleg at me alt er i midten av mai, tida fyk!
Mai er ein fin månad. Det spirer og gror og det livnar i hagen.
Men i dag har det helst vore høstfølelse, det har pøsregna heile dagen.
Håper på bedre vær i morgon.
Ønsker alle ei flott 17. mai feiring!


onsdag 3. mai 2017

Vestlandsskjørt

Eg fekk eit ønskje om eit strikka skjørt fra eine dattera.
Det er kjekt å strikka noko du veit dei vil like, og eg satte i gang.
Det var påskestrikket mitt, men som de kanskje har sett
så klarte eg å strikka skjørtet uten å auka.
Det var nesten ferdig då eg oppdaga det. 
Hadde heile tida sett på det blei så smalt, men såg eg korfor, nei....
Ja ja, då var det bare ein ting å gjera, eg rekte opp nesten heile skjørtet.
Det var eit mønster som var seint å strikka , men det blei fint.
Nå har eg strikka det ferdig, trur eg.
Eg har ikkje kutta tråden, vil sjå om lengden er passe fyrst.



Mønster, Vestlandsskjørt
Sandnes Merino, 
Pinne 3,5 og 4
*

Eit prosjekt eg fekk bestilling på er og ferdig, 
men det er hemmeleg. Kanskje dokke får sjå seinare...

Endeleg fekk me vår og varmare vær, 
det er så herleg å kunna sitja ute med strikketøyet.
Søndag gjekk me på topptur til Barkåsen,
der hadde me utsikt mot der me har hytta, den ligg på neset til høgre.


Ønsker dokke fine vårdagar!





torsdag 20. april 2017

Restegarn-jakke

I hyllene mine hadde eg liggande tynt Holst Noble garn,
eit nøste av kvar farge. 
På bloggen til Monstermønster fekk eg eit tips om denne jakken
med gradert fargeskift, synest det var veldig fint.
Eg tok sjansen på at det var nok garn til ein babyjakke str 1 år,
og det gjekk akkurat, kun litt grått er igjen.
Den er strikka med dobbelt garn, i fageskiftet strikkes det med ein tråd av kvar farge
før du går over til to tråder av ny farge.
Har ikkje fått tak i knappar ennå, håper å finna nokon i den lyse blåfargen.




Holst Noble, 144 gr
Pinne 3,5

Jakken blei ein del av påskestrikket. 
Så var det skjørtet eg hadde planar om, ja, eg strikka på det nesten ei veke.
Og det var så langt... då eg oppdaga at eg hadde glømt å auka!!!


Det blei lagt til sides og i går kom det fram igjen.
Etter ei stund såg det slik ut...


Då er det bare å setta full fart nedover igjen....

*

Eg prøver meg rett som det er å farga garn, men alt blir ikkje som eg har tenkt.
Det blei sokkar av denne hespen, kanskje det er nokon som liker denne fargen og?


Eine svigersønnen vår ønska seg sokkar.
Han hadde bursdag 1. april, og då fekk han to par, eit par tjukke
i raggegarn og eit par tynne i Regia Tweed.



Gjestal Sportsragg, 136 gr
Regia Tweed, 65 gr
Opal, 81 gr
*

Tusen takk til alle som tar seg tid til å skriva ei helsing!


torsdag 6. april 2017

Ka'ana Shawlette

Dette sjalet har eg strikka fleire av, men eg har ikkje sjølv.
Eg mangla eit sjal i grått, og Ka'ana sjalet liker eg å strikka 
og det er passe stort som skjerf.
Mønsteret fann eg på Ravelry og det er gratis.
Denne gang strikka eg det i Drops Baby Merino, 
eit herleg og mjukt garn som ikkje klør.
Det har vore ferdig ei stund, og endeleg har eg fått vaska og blokka det.



Mønster, Ka'ana Shawlette
Drops Baby Merino, 120 gr
Pinne 3,5
*

Lillegutten vår veks fort og han treng ei ny hua.
Denne er fra Klompelompeboka, eit greit og fint mønster.
Pusekattknappar pynter opp.


Klompelompehua, 
Drops Baby Alpakka, 34 gr
Pinne nr 2,5 og 3

*

Påsken nermer seg fort og i morgon tar me påskeferie på hytta.
Det skal bli godt, og strikketøyet er planlagt.
Datter vår ønska seg eit skjørt, så det er det neste på pinnane.
Må bare fella av eit par sokkar fyrst.

Ønsker alle ei god Påske!